Eg er atter klar for nye leseopplevingar.
Sidan mitt siste litteraturinnlegg har eg gløymt "Little Women" på Trondheimsflyet og reknar boka tapt for evig, noko som ikkje gjer så mykje, ettersom eg innsåg at eg kanskje er litt for vaksen til å få full glede av ei førstegongslesing av den no;
eg har lese ferdig endå eit Jonathan Argyll-mysterium av Iain Pears, denne gongen "The Last Judgement";
eg har også nyleg lese ferdig den siste Harry Potter-boka for andre gong, og har no kun den evige "Prosessen" på nattbordet.
Eg er dermed klar for ei ny utfordring.
I hylla mi står mange gode bøker og ventar. Nokre har eg lese før, og desse må diverre nedprioriterast (sjølv om eg bl.a. har ekstremt lyst til å lese oppigjen "Et skilt ved korsveien" av Iain Pears, Ken Follets "Sverdet og korset" og "Katedralen", og Umberto Ecos "Rosens navn"). Andre er nye og hittil ukjent territorium og eg gler meg over mulegheita til å pense meg inn på eit nytt litterært spor.
Eg har nokre heilt nye ervervingar på litteraturfronten:
Dag Solstad "Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman"
Dorothy L. Sayers "Whose Body?"
Wilkie Collins "The Woman in White"
og i vente;
Jasper Fforde "The Eyre Affair"
og eg har nokre eldre ervervingar eg enno ikkje har gitt meg i kast med, deriblant er Dag Solstads "Arild Asnes 1970", Lars Saabye Christensens "Oscar Wildes heis" og Umberto Ecos "Baudolino" aktuelle leseval.
Eg kjenner eg heller mot Dorothy L. Sayers. Både fordi den nok er lettare lesing enn til dømes Solstad, men også fordi ei venninne av meg ser Sayers´ mesterdetektiv Lord Peter Whimsey som noko av ein drøymemann, og har dermed skapt ei viss nysgjerrigheit hos meg i forhold til nemnte detektiv. "Whose Body?", altså; ein krimroman av det gode, gamle slaget.
Til slutt må det nemnast at eg har treft på ein litterær kjendis i dag; Hanne Ørstavik sat på Rust i ettermiddag med noko som ikkje kan kallast anna enn blått hår.
1. oktober 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Eg kan forøvrig opplyse den interesserte lesar om at valet til slutt falt på "Sort messe" av John Dickson Carr, av enkelte rekna som den fremste kriminalromanen gjennom tidene.
Eit godt valg
Det syns eg også. Eg har etter to dagar klart å lese ut halve boka, det er etter min notidige skilpaddestandard relativt raskt, og tyder på at boka er ytterst velskriven og spennande!
Eg er forøvrig ferdig med "Sort messe", som på ein måte overraska meg, men samtidig ikkje, og eg har no tatt fatt på "Et skilt ved korsveien" av Iain Pears, ei bok eg lenge har hatt lyst til å lese på ny.
Eit nytt godt valg
Jepps. Livet er fullt av gode val. Kremt.
...og ei bok til: "Whose Body?" av Dorothy L. Sayers. Må jo ha ei lita ei i veska også!
En perfekt liten bok i veska:
"Frys. Vellykket nedfrysning av herr Moro". En vakker og oppsiktsvekkende liten antologi. Den inneholder små unike tekster av store forfattere og ukjente forfattere, bisarre hendelser i historien og foto som får deg til å le og gråte, så vær forsiktig på banen. En liten perle.
Legg inn en kommentar