30. august 2016

Bokhausten trekker pusten

Det beste med bokhausten er alle dei nye bøkene eg skal lese.
Eg har alt byrja på Gunnhild Øyehaugs novellesamling Draumeskrivar og ventar spent på nye bøker frå Vigdis Hjorth og Mette Karlsvik, eller korfor ikkje Tomas Espedal, Karl Ove Knausgård og Thure Erik Lund?

Nokre debutantar kjem eg nok også til å lese, veit berre ikkje heilt kven enno, og mange andre bøker eg enno ikkje er klar over skal kome til å snike seg inn i dei høge bokstablane mine. Og gamle bøker kjem som vanleg til å bli med i dragsuget.

Denne hausten har eg også ny bok sjølv, som eg håper vil finne sitt publikum. Mi første sakprosabok - eller faktabok - som passar for folk frå 9 år og oppover som er interesserte i hekser og trolldom.  

Heksejakt og heksebrenning i Europa er tittelen, den er fint illustrert av Christian Bloom og har også gamle koparstikk og tresnitt frå 1500-talet og flott formgjeving av Laila Mjøs
Boka er i sal frå 22. september og medan eg ventar på at min eigen bokhaust skal starte, skriv eg på ny roman og lagar forfattarside på facebook. Lik gjerne, om du har lyst.

Ingen kommentarer: