Åland. Bilete lånt frå visitaland.com |
Som mange andre synest eg aldri at eg får nok tid til å skrive og verkeleg fordjupe meg, men eg er også glad i formidlarrolla og opplever det ofte som svært givande å møte publikum, både ungdom og vaksne. Difor har eg ein tendens til å seie ja til oppdrag når eg blir spurt, viss eg ikkje har ein veldig god grunn til å takke nei.
Denne vinteren og våren skal eg, som så mange gonger før, freiste kombinere desse to kontrastfylte arbeidsformene. Eg skal både skrive ferdig ei sakprosabok for barn og unge om hekseprosessane og ut og møte publikum, både innanlands og utanlands. Mellom anna skal eg ut på turné i Norden.
Ein fin bieffekt av å ha vore nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris er at ein kan risikere å bli invitert til ulike nordiske land på forfattarbesøk. Foreningen Norden, som etter det eg veit har ei avdeling i alle nordiske land, har som målsetting å skape meir kontakt mellom dei nordiske folka, og bidra til auka samarbeid og forståing for kvarandre.
I år har Foreningen Norgen i både Åland, Danmark og Sverige invitert meg til seg på turné i det som på norsk heiter ungdomsskulen. I mars skal eg treffe ålandsk ungdom og snakke om forfattarskapen min og Inn i elden, i april skal eg gjere det same i Danmark - der vi også kan samanlikne den originale nynorske teksten med den omsette, danske - og i mai står svenske skular for tur.
Tanken er at eg skal snakke norsk, som vanleg, og at dei unge elevane skal få eit møte med ein forfattar frå eit anna nordisk land som snakkar eit anna nordisk språk enn dei sjølve.
Då eg reiste til Færøyane i fjor var eg på førehand litt nervøs for å ikkje bli forstått, og tilsvarande positivt overraska over kor bra det gjekk og kor kjekt det var.
Eg er spent på korleis dei svensk- og dansktalande ungdommane vil forstå meg og den rare sunnmørsdialekten min, men etter å ha klart meg med den både på Færøyane og Island, tenker eg at det sikkert vil gå bra.
Det blir nok mest utfordrande i Danmark. Eg har prøvd å øve litt på dansken min, i tilfelle eg må tolke meg sjølv, men eg må innrømme at eg ikkje høyrest særleg bra ut.
Det blir ein spennande vår!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar