29. desember 2015

Naturhistorie

Denne jula har eg lese den første romanen til poeten Marte Huke, som eg tidlegare har lese dikt av.
Naturhistorie føregår den siste sommaren før 'alt' byrjar: flytte heimafrå, byrje studere, bli vaksen.

Den 19 år gamle hovudpersonen i boka har fått sommarjobb i Telemark med å selje samiske suvenirar frå ein lavvo på ein parkeringsplass. Det er eit lite miljø med slike suvenirsjapper på plassen, dei både bur og arbeider der. Jenta er frå Trøndelag, det er midten av nittitalet, ho er 'frika', ho vil skrive. I varebilen ho søv i les ho Tor Ulven, men då ho blir introdusert for forfattarar som Jon Fosse og Cora Sandel er dei heilt nye for henne, og gjer veldig inntrykk.

Den unge jenta er godtruande og open for verda. Eg kjenner det spenne seg i kroppen når ho blir med framande, unge menn på bilturar opp på fjellet, inn på framande festar, inn i hus og små guterom.
Språket er poetisk, knapt, scenene er korte, motiva går att. På mange vis ser ein at dette er ein roman skriven av ein poet. Slike er alltid gode å lese.

Boka fekk meg til å freiste hugse min eigen siste sommar før alt byrja. Sommaren 1999. Kva gjorde eg då? Kven hang eg saman med? Det meste er fortrengt, lyset frå alt som skjedde rett etterpå er blendande sterkt. No får eg lyst til å hugse.

Mange ville nok skrive ein roman om den første hausten som student, men Marte Huke har skrive om sommaren like før, og akkurat det gjer boka ekstra fin. Ein novellist ville kanskje tenkt på same måte.

2 kommentarer:

aariho sa...

Takk for godt boktips. No går eg inn på eBokBIb med det same og ser om den er ledig. God romjul!

thulannguyen sa...

Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

Giaonhan247 chuyên dịch vụ mua hàng mỹ từ dịch vụ order hàng mỹ hay nhận mua nước hoa pháp từ website nổi tiếng hàng đầu nước Mỹ mua hàng ebay ship về VN uy tín, giá rẻ.