30. november 2015

På 141-årsdagen

På denne dagen, i 1874, blei forfattaren Lucy Maud Montgomery fødd på Prince Edward Island i Canada.

Dei som har lese dei mest kjende bøkene hennar, om Anne fra Bjørkely, er nok godt kjende med Prince Edward Island allereie. Iallfall slik det var der for om lag hundre år sidan, då dei første bøkene blei skrivne og kom ut.

Anne er ei foreldrelaus jente, som ved ein feil kjem i fosterheim hos eit gammalt, ugift søskenpar, Matthew og Marilla. Søskena i Avonlea har bede barneheimen sende dei ein gut som kan hjelpe til på garden, men i staden kjem raudhåra, fregnete, pratsame, spontane, godhjarta og temperamentsfulle Anne. Etter mykje att og fram får ho bli på garden. Og i åtte bøker følgjer vi henne gjennom barndom, ungdom og vaksenliv; skulegang, venskap, fiendskap, konflikter, små katastrofar, store gleder, kjærleik, studiar, arbeid og til slutt giftarmål og morsrolla.

Det var dei tre første bøkene eg likte best, dei som dekker åra frå Anne er 11 år og til ho blir vaksen. Eg las dei om att og om att. Særleg godt likte eg skildringa av venskapet med Diana, og når kjærleiken byrja kome inn i biletet i tenåra, og sjølvsagt alt som handla om skriving. Då eg oppdaga at det fanst fleire bøker av L. M. Montgomery, om kunstnarsjela Emily på Månegården, slukte eg dei også, om att og om att. Men det var Anne som betydde mest.

Det var truleg Anne frå Bjørkely som først tende forfattardraumen i meg. Eg las bøkene om henne då eg var om lag på same alder som ho er i dei første bøkene, etter at NRK hadde sendt den fine tv-serien om henne som kom på midten av 1980-talet.

Forfattaren har nok brukt ein del av sine eigne erfaringar i bøkene. Etter at mor hennar døydde av tuberkulose og faren flytta, vaks ho opp hos besteforeldra sine, der ho blei strengt oppdregen, slik både Anne og Emily blir i bøkene. Som Anne utdanna ho seg til lærar, og likte - openbart - å skrive.

Dersom du vil lese meir om L. M. Montgomery, kan du til dømes lese Dikterjenter av Lise Männikö.

Ingen kommentarer: