17. november 2015

Neiden 1970

I 1880-åra innvandra forfedrane mine på farssida frå Finland til Finnmark. Dei slo seg ned i eit lita bygd i Nord-Varanger, midt mellom Vadsø og Vardø. Det norske namnet på bygda er Skallelv, det finske; Kallijoki.

Dei finske forfedrane mine kom frå ein stad ved Bottenvika, ikkje så langt frå Oulo, som del av ei finsk innvandringsbølgje som starta midt på 1800-talet. Ingen av dei var frå Tornedalen, der flesteparten av dei norske kvenane kjem frå. Vi blir likevel rekna med til den kvenske/ norsk-finske minoriteten i Noreg i dag.

Heilt frå eg var lita har eg vore nyfiken på dette finske og på staden og miljøet som far min kom frå. For far min flytta heimefrå alt som 17-åring, og enda - saman med tre av dei eldre brørne sine - på Sunnmøre, der han gifta seg, fekk born og blei verande. Og her voks eg opp. Det einaste merket eg hadde av den halvt finske bakgrunnen min var namnet. Basso. Ei fornorska utgåve av namnet på den finske staden farfars far kom frå.
Språket lærte eg aldri, far min meinte at han ikkje kunne det. Det har vist seg seinare at han kan ein del, likevel. Og eg har så smått byrja lære, eg også.

Då eg tidlegare i haust blei gjort merksam på ein av haustens romanar, skriven av ein annan norsk forfattar med finsklydande etternamn, Arvola, og romanen til alt overmål hadde stadnamnet Neiden i tittelen - ein stad til forveksling lik staden der far min voks opp, berre på sørsida av Varangerfjorden - skjønte eg at eg måtte lese.

Det var ei uventa sterk leseoppleving. Neiden 1970 er eit fint, sårt og tidvis svært vondt portrett av forholdet mellom ei dotter og ein alkoholisert, men godhjarta far. Vi får vere med dei to frå jenta er lita og er med far sin overalt og på alt han gjer, til ho får eigne barn og omsider sluttar å kome, fordi han har byrja drikke slik igjen. Og så døyr han, åleine, den sommaren, og ho er ikkje der, for ho har ikkje kome til han på ferie det året, for første gong i heile sitt liv.

Ingeborg Arvola skildrar også den norsk-finske kulturen som faren og namnet hennar er frå og som blir halden i hevd i bygdene langs Varanger-fjorden; det finske språket dei eldre snakkar, den spesielle fiskemetoden frå Neiden, Käpälä-fisket, køyring med hest og slede, bjørnen i skogen og laksen i elva.

Eg anbefaler boka sterkt. Det er ei bok eg ikkje så snart vil gløyme.

1 kommentar:

aariho sa...

Eg legg inn bestilling på biblioteket med det same. Denne boka vil eg lesa. Takk for tipset!