10. august 2015

Bokhausten raslar med blada

Ei bok eg gler meg til å lese
Bokhausten er så vidt i gang, og for ein forfattar er det himmelvid forskjell på «å ha bok» og å ikkje ha det. Denne hausten har eg det ikkje.

Når ein ikkje har bok - og i tillegg er ein ivrig lesar - er bokhausten berre stas og ikkje det minste nervepirrande. Det er spennande å sjå kven som kjem med noko nytt. Nokre får ein vite om gjennom oppslag i media, andre går under radaren og må bli oppdaga på anna vis. Og det er kjekt å kjenne lesesuget vakne, og lage seg mentale eller fysiske lister over kva ein må lese i løpet av hausten.

Av bøkene eg er blitt merksam på så langt, er det nokre eg allereie no veit at eg skal lese, same kva slags meldingar dei måtte få. Eg vil lese den nye romanen til Marit Eikemo, Alt inkludert, og den nye romanen til Hilde K. Kvalvaag, Lev vel, alle. Eg vil lese Laila Stiens nye novellesamling Over elva, Inger Bråtveits Alice A4 og poet Marte Hukes første roman Naturhistorie.

Samlaget gir denne hausten ut ein etterlaten roman av Jan Roar Leikvoll, som gjekk bort i fjor. Sjølv om det sikkert vil gjere vondt å lese, må eg sjølvsagt det. Romanen heiter Forkynnaren.

Eg er også nyfiken på den nye romanen til Geir Gulliksen, Historie om et ekteskap, og på den lettare sida har Atle Berge ny bok, denne gongen ein samfunnssatire om bokbransjen, som heiter Superpularen.

Og dette er berre eit lite og subjektivt utval av alle dei spennande titlane som kjem i haust, og då er ikkje eingong barne- og ungdomsbøkene med, for dei har eg ikkje sett noko oversikt over enno (fy på lanken, media!). Men eg veit at Nordisk Råd-prisvinnarane våre Håkon Øvreås og Øyvind Torseter kjem med ein oppfølgjar til Brune, med tittel Svartle, og den gler eg meg til å få i hende.

God bokhaust!

3 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

No fekk eg lyst til å lese. Kanskje eg også fekk lyst på bokHAUST? Sjølv om denne sommaren aldri heilt vart noko av ..

Tine sa...

Jeg er så glad jeg stoppet innom deg i dag. Brune har jeg brukt i barnehagen, og i dag la jeg inn et ord for å ha et prosjekt med den også i år. Tenk at Svartle også skal få bok, takk for tipset. Kos deg med bokhøst uten bok, jeg heier på deg til Bokbloggerprisen :)

Aina Basso sa...

Det er jo mykje fint med hausten, òg, mellom anna bøker!

Takk for heiing, Tine! Og Blåse skal visst også få bok, det blir gøy.