Utsikt mot øya Koltur, som er folen til øya Hestur |
Det mest eksotiske var naturleg nok reisa til Færøyane, der eg skulle møte ungdomsskuleelevar som hadde lese utdrag frå Inn i elden, og snakke med dei på mitt eige språk. Målet med besøket var at dei skulle få møte ein forfattar frå eit anna nordisk land og lære meir om eit av 'grannemála' sine. Det var Foreningen Norden på Færøyane som inviterte meg, og invitasjonen kom fordi eg blei nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2013. Eg er også blitt invitert til Åland på same type besøk, men den gongen kunne eg dessverre ikkje reise.
På førehand var eg både spent og gledde meg. Eg har aldri vore på Færøyane før, men har hatt lyst til å reise dit i mange år, kanskje særleg etter at eg trefte og deretter las den færøyske forfattaren Jóanes Nielsen. Det eg var aller mest spent på var møtet med ungdomane. Korleis skulle eg snakke? Kunne eg snakke dialekten min? Ville dei forstå meg? Ville eg forstå dei?
Kirkjubøur |
I tillegg blei eg teken svært godt imot av Foreningen Norden, eg blei henta kvar morgon og følgt til skulane, eg blei vist rundt i Tórshavn og ut til vakre Kirkjubøur, eg blei teken imot i heimane til folk, fekk smake færøysk 'fenalår', som smaker som vårt, berre utan alt saltet, og den tradisjonelle rullepølsa, som er ganske lik den mor mi syr kvar einaste jul, berre ikkje så salt, den heller. Det har nemleg vore svært dyrt å importere salt til Færøyane, så dei har funne andre måtar å konservere kjøt og fisk på, ved tørking og fermentering.
Tórshavn |
Eg har alt bestemt meg for at eg skal reise tilbake, ein grøn, færøysk sommar. Eg gler meg allereie.
Mars er også ein spennande månad for meg på eit anna vis, det er nemleg min og Finne ly sin tur til å bli samlesen no i mars. Bokbloggarar les og postar ros og ris på bloggane sine, og tanken er vel at det skal kome ein del lenker til omtalar HER etter kvart. Så får vi sjå, då, kven som stikk av med sigeren i august.
3 kommentarer:
Så fint opphald på Færøyane du har hatt! Vi hadde planlagt tur dit i sommar, men det vart utsett på ubestemt tid. Neste år kanskje? Etter omtalen din freistar det iallefall.
Ettertraktet du. Sikkert veldig spennende med tur til Færøyene! Det ser omtrent like forblåst ut som dine hjemtrakter, men kanskje ørlittegrann høyere?
God påske til deg, Aina!
Færøyane minner både om Sunnmøre og Finnmark - begge stadene der eg har røtene mine - så eg kjende meg nokså heime. Vil absolutt anbefale alle naturelskarar å ta ein tur dit.
God påske!
Legg inn en kommentar