25. februar 2015

Verkeleg uverkeleg

Eilert Sundt (oslobilder.no/ Oslo museum. OB03176)
Kva gjer ein romankarakter verkeleg? Må ho vere basert på eit menneske som verkeleg har levd, eller held det at ho blir levande for lesaren, og at historia hennar er såpass realistisk at ho kunne ha levd?

Mange lesarar spør meg om nokon av karakterane i bøkene mine er bygde på verkelege personar, personar som har funnest ein gong og som eg ikkje verken har dikta opp eller om på. Svaret er ja, men med atterhald. Det er nemleg berre eit par av bipersonane frå bøkene mine som verkeleg har levd.

Hans Køning i Inn i elden var lensherre i Vardøhus len i perioden 1619-1651, men det er lite som er kjent om han. Når eg lét han varte opp med tirettars middag til Dorothe og Johann Beyer, presten og den blodfattige frua hans, er dette sjølvsagt oppdikta. Eg veit ikkje noko om Hans Køning som menneske eller om det livet han levde i Vardø, anna enn dei reint biografiske detaljane om kor og når han var fødd, når og kven han gifta seg med og når han døydde. I tillegg veit eg at han stod ansvarleg for over femti hekseprosessar i si embetstid.

Også Eilert Sundt, som figurerer som biperson i Finne ly, er ein verkeleg - og også ganske kjend - person. Han er rekna som vår første samfunnsforskar, og var prest og konfirmasjonslærar på tukthuset i Kristiania i nokre år kring 1850. Der trefte han fleire av reisande slekt, som han freista intervjue og som han skreiv om i bøkene sine om Fante- eller landstrykerfolket i Norge. Arbeidet hans med å kartlegge romanifolket la ein del av grunnlaget for politikken som blei ført mot dei frå slutten av 1800-talet og utover 1900-talet, med siktemål å bli kvitt 'fanteondet'.

Men ingen av hovudkarakterane frå bøkene mine har eksistert i røynda, sjølv om eg har brukt verkelege menneske til inspirasjon for fleire av dei. Hanna frå Finne ly er den flest trur er verkeleg, fordi eg har fingert eit sitat frå Fantefortegnelsen til Eilert Sundt heilt til slutt i boka, som er konstruert med formuleringar frå dei andre innskriftene i den same fortegnelsen.

På kolofonsida står det: Innskrifta på siste side er basert på fantefortegnelsen av 1862, frå Eilert Sundts Anden Aars-Beretning om Fantefolket. Det står ikkje at det er eit sitat frå denne fortegnelsen, men at innskrifta er basert på den. Altså at den er dikta opp ved hjelp av verkelege element, og kunne ha vore slik om Hanna og hennar historie hadde eksistert i røynda.

Eg har gjort det same før. I mi aller første bok, Ingen må vite, konstruerte eg ein resolusjon frå kong Christian den 6., som var basert på verkelege resolusjonar, men der namn, år og dato var endra. I Fange 59. Taterpige, som er basert på ein verkeleg person, Maria Andersdatter, konstruerte eg fleire 'kjeldesitat' som ikkje er ekte, men bygd over same lest som dei verkelege kjeldene. Dette gjeld til dømes innskrifta om Prost de Fine, som m.a. er basert på innskrifta om den verkelege prosten i den verkelege Maria si historie, Jacob Thode. Om de vil lese meir om arbeidet med historiske romanar, slik eg opplevde det i 2011, kan de lese denne vesle artikkelen: 'Frå fakta til fiksjon. Om å skrive historiske romanar'.

Grunnen til at eg skriv dette no, er at eg har sett i fleire omtalar av Finne ly at boka er 'basert på ein verkeleg person', i tydinga at Hanna verkeleg har eksistert. Og eg har forstått at uttrykket 'basert på' er tvetydig. Medan eg har brukt uttrykket i tydinga: 'dikta opp med hjelp av element frå denne kjelda', har andre tolka det som at eg har brukt personar som verkeleg har levd.

Hanna har ikkje verkeleg levd. Likevel har ho det, i romanen, og i meg, og forhåpentlegvis også i dei som har lese om henne. For meg er ho like verkeleg som noko menneske som har gått her på jorda, kanskje endåtil meir verkeleg, fordi eg kjenner henne så godt, eg kjenner henne like godt som om eg skulle dikta henne opp sjølv.

2 kommentarer:

aariho sa...

På mange måtar har ho vel levd likevel, gjennom dei mange som har hatt same lagnad som henne. Klar og fin oppsummering over personane i boka di.

Aina Basso sa...

Ja, eg tenker jo at det Hanna opplever er noko andre som henne kunne ha opplevd, om ikkje på nett same måten. Vi veit til dømes om reisande som tok teneste på gardar, vi veit også at det ikkje alltid var så lett.