Det er no åtte år sidan eg byrja å blogge, først under namnet Flimre, seinare under mitt eige namn. Eg var nok meir ivrig i byrjinga, men trass i at eg berre sporadisk legg ut nye innlegg her i bloggen har eg denne veka vore så heldig å bli nominert til Verdas beste nynorske blogg.
I samband med dette har Framtida.no gjort eit lite intervju med meg der eg fortel litt om bloggen og blogginga, som de kan lese HER.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Gratulerer så mye med tittelen, eller utmerkelsen. Syns det er så flott at det er blitt så mange unge forfattere som skriver nynorsk. Jeg har skrevet nynorsk på bloggen noen ganger, og har vurdert om jeg skal fortsette. Særlig hvis jeg omtaler bøker som er skrevet på nynorsk, burde jeg nok det. Ønsker deg en riktig god jul!
Takk, men det er mange nominerte, så det blir nok ein meir verdig vinnar enn eg.
Eg synest absolutt du kan skrive både nynorsk og bokmål i bloggen din, dersom det er noko du liker å gjere. Eg heiar på meir nynorsk overalt!
Til lukke med nominasjon. Eg er heilt enig i at nynorsk bør nyttast meir - overalt!
Eg ser at ein del unge rosabloggarar skriv på bokmål sjølv om dei egentleg har nynorsk som hovudmål "fordi dei vil bli lettare forstått".. Med slike haldningar er det viktig med ein kåring som dette. Me treng gode og velskrivne nynorske bloggar innan alle kategoriar, meiner eg.
Legg inn en kommentar