8. desember 2014

Eit godt leseår

Ei av bøkene eg har lese i år, som har gjort sterkast inntrykk
2014 har vore eit svært godt leseår for meg, eg har ikkje lese så mange (og så mange gode) bøker sidan 2009, då eg som ny forfattar var ekstra sugen på å få med meg eit breitt utval av ny og gammal litteratur. Eg veit ikkje korfor akkurat dette året er blitt eit slikt engasjert leseår, men kjekt har det iallfall vore! Til no har eg lese 51 bøker, og held på med tre til as we speak.

I dag skriv eg om bøker i luke 8 i adventskalenderen til bok365.no, om kva bok som har gjort sterkast inntrykk på meg i året som er gått, om kva eg les for tida og ikkje minst, men aller vanskelegast: kva tre bøker eg vil anbefale folk å lese. Eg liker jo aller best å skreddarsy anbefalingane mine, sidan eg har stor respekt for ulik smak og ulike lesebehov, men denne gongen måtte eg vere litt meir personleg og har anbefalt tre av mine eigne favorittar. Eg skulle ønske eg kunne anbefale fleire, for antal favorittar veks dess meir eg les.

Uansett, her er dagens luke i adventskalenderen: http://bok365.no/artikkel/med-hjerte-for-historien/

Og fortsatt godt leseår, alle saman! Vi har endå nokre gode leseveker igjen! Eg har tenkt å lese minst fem bøker til i år, så får vi sjå korleis dét går.

Ingen kommentarer: