20. juni 2014

Egenmäktigt förfarande. En roman om kärlek



Lena Andersson i Lillehammer
«Ingen av dem var riktigt intresserad av henne men båda var intresserade av honom.» 

Med dette sitatet kan det etter kvart nokså problematiske forholdet mellom poet og essayist Ester Nilsson og den genierklærte og mykje eldre biletkunstnaren Hugo Rask kortfatta bli oppsummert. Forholdet og personane finst i den svenske romanen Egenmäktigt förfarande. En roman om kärlek av Lena Andersson, eller Rettsstridig forføyning. En roman om kjærlighet som boka heiter på norsk. Romanen fekk i 2013 Augustprisen og har fått svært god kritikk, både i heimlandet og her til lands.

Eg høyrte forfattaren lese frå boka under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai, og det ho las gav såpass meirsmak at eg bestilte boka på svensk då eg kom heim.

Boka kom i posten sist fredag og eg hadde venta utolmodig i fleire dagar. Laurdag byrja eg å lese og innsåg at om eg ville at denne boka skulle vare litt lenger enn ein dag, måtte eg bremse opp og ta nokre pausar. Eg klarte å strekke henne ut over tre dagar, men så var det ubønhøyrleg slutt.

Eg veit ikkje om det var handlinga som greip meg mest, for eg visste jo kva som ville hende. Snarare var det den intelligente og humoristiske tonen i boka, og det boka djupast sett handlar om, som ikkje berre er eit mislykka kjærleikseventyr, men noko meir: Det psykologiske som står på spel mellom to menneske som (iallfall tilsynelatande) blottar seg for kvarandre. Kva som gjer at ein handlar som ein gjer, kva som gjer ein ute av stand til å forstå det som er openlyst for alle som ser det utanfrå. Kva som gjer at ein oppsøker fornedringa og avvisinga igjen og igjen og kva som gjer nokon i stand til å påføre ein annan så mykje smerte utan å kjenne skuld.

Og eg sit att med eitt spørsmål: Er dette ein typisk kvinne-mann-dynamikk? Kunne vi lese ei bok der rollene var snudd på hovudet? Eg trur vi kunne, men det er nok ikkje like vanleg.

Til trass for sitt noko triste tema, har boka både gode resonnement og refleksjonar, og er i tillegg underhaldande å lese. Eg trur ho kan passe på ei solseng. Tynn og lita er ho, også.
Og viss du lurer på kva tittelen betyr, kan du jo ta ein kikk HER.

4 kommentarer:

aariho sa...

Takk for tips om ferielektyre! Høres ut til å være en interessant bok. Vet du om den er kommet på norsk?

Aina Basso sa...

Ja, den heiter "Rettsstridig forføyning" på norsk. God lesing!

HPL sa...

Den ligger på nattbordet, sammen med Stig Larssons selvbiografi, begge på svensk. De skal leses, men først: "Onda krafter i Sollentuna" av Coco Moodysson.

Aina Basso sa...

Eg har byrja på ei ny svensk bok, sjølv: "Hur ser ett liv ut om man inte har tillräckligt med kärlek?" av Maria Zennström. Spent på om det er så bra som kritikkane skulle tilseie.