Laurdag som var fekk eg publisert ein kronikk om tiggeforbodet sett i eit historisk perspektiv på NRK Ytring. Bakgrunnen for kronikken er arbeidet med fattigdomsprosjektet i Oslo byarkiv, «Når endene ikke møtes. Fattigdom før og nå,» som eg har vore tilsett på sidan 2011, og mitt eige engasjement for svake og utstøytte grupper i samfunnet, både historisk og i vår eiga tid.
I 2010 gav eg ut romanen Fange 59. Taterpige, som handlar om romanijenta Maria, som blei sett inn i tukthuset i Trondheim rundt 1750 fordi ho var «tatter», fordi ho var omstreifar og tiggar. I romanen som kjem i år, Finne ly, tek eg igjen opp temaet: forholdet mellom romanifolk og norske fastbuande og -myndigheiter. Eg har sett mange likskapstrekk mellom det som skjer i dag, forbodet mot dei framande tiggarane - romfolket - og det som har føregått i Noreg dei føregåande hundreåra, med forfølgjng og undertrykking av våre eigne reisande, romanifolket.
Les kronikken HER.
23. juni 2014
Ubehaget i fattigdomen
Etikettar:
Fange 59. Taterpige,
Finne ly,
Historie,
Kronikk,
Litteratur,
NRK,
Roman,
Romani,
Romfolk
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar