7. mai 2014

Dubliners

Før påske var eg i Dublin, og sidan det var ein god idé (ikkje min) og sidan eg liker å lese bøker frå den staden eg skal til, las eg James Joyces Dubliners før, under og etter turen. Eit morosamt samantreff var det også at Dubliners fyller 100 år i år, og etter å ha traska rundt i Dublin anno 2014 i nokre dagar, og lese om den same byen hundre år tidlegare, kan eg, ikkje overraskande, konstatere at byen verkar noko forandra, og menneska også, iallfall i det ytre. Men nokre av pubane er dei same. Vi var til dømes innom Mulligan's i Poolbeg street og tok ein ale, ein pub Joyce nemner i ei av novellene i boka.

Eg har ikkje lese noko av Joyce før, har berre høyrt gjetord om at han er så tung, då særleg Ulysses, og det tviler eg ikkje på. Men Dubliners var ikkje tung. Det var rett nok ikkje alle novellene eg skjønte like mykje av, ein del har referansar eg manglar. Men dei fleste av novellene var veldig fine, og gir eit interessant portrett av ulike folk i ulike samfunnslag ein by i ei anna tid enn vår eiga, som eg som historikar veit å setje pris på, men som eg trur andre enn historisk interesserte lesarar også vil finne noko i.

Han har også eit godt språk og er svært god til å skildre. Her er eit lite døme frå novella Ivy Day in the Committee Room:

Old Jack raked the cinders together with a piece of cardboard and spread them judiciously over the whitening dome of coals. When the dome was thinly covered his face lapsed into darkness but, as he set himself to fan the fire again, his crouching shadow ascended the opposite wall and his face slowly re-emerged into light.

«his crouching shadow ascended the opposite wall and his face slowly re-emerged into light.»

- eit nydeleg, sterkt bilete.
 
Det var ei slik bok eg ikkje ville slutte å lese. Faktisk saknar eg henne litt. Eg saknar å lese noveller, også, eg må visst finne fleire.

5 kommentarer:

Tine sa...

Flott omtale! Jeg har ikke lest Dubliners selv om jeg har hørt om denne kjente boken. Da Tomas Espedal kom med boken Bergeners, som er skrevet over samme lest, ble jeg litt nysgjerrig på denne her. Tror du nå ga meg sparket bak jeg trengte, for å lese den :)

HPL sa...

Har ikke lest Dubliners, men er veldig glad i John Houstons siste film, The Dead, som var basert på en av novellene.
Ulysses leste jeg for en del år siden. På dansk (siden den ennå ikke var oversatt til norsk). Kom meg gjennom den, men er ikke helt sikker på hvor mye jeg fikk med meg. Må innrømme at jeg foretrekker Beckett framfor Joyce, bortsett fra tidlig Beckett, der han etterlignet Joyce.

Aina Basso sa...

Tine: Eg las faktisk Bergeners tidlegare i år, og eg ser likskapane idémessig, men bøkene er naturleg nok veldig ulike, likevel. Men morosamt å lese begge!

HPL: Eg har aldri høyrt om The Dead før, men ser no at den er basert på den siste (og kanskje finaste) novella i Dubliners, så no må eg sjå filmen også! Takk for tipset. Eg har ikkje lese Beckett, kva vil du anbefale å starte med?

HPL sa...

"Molloy" var den første boka av ham jeg leste. Og så er jeg veldig glad i "Company" (bare førstelinja er et dikt i seg selv), og skuespillet "Krapp's last tape". Jeg er ikke spesielt glad i det første han skrev. Det ble litt mye Ulysses-epigoneri (er det et ord?)

Aina Basso sa...

Notert! Og no har eg fått tak i "The Dead" - den skal eg sjå i løpet av veka. Gler meg!