27. mars 2014
Dei nominerte er
Nominasjonane til den andre Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i historia er offentleggjorde, og frå Noreg er barneboka Brune av Håkon Øvreås og Øyvind Torseter (ill.) nominert saman med biletboka Krigen av Gro Dahle og Kaia Linnea Dahle Nyhus (ill.).
Eg har ikkje lese Krigen enno, det ser eg fram til å gjere, men eg har lese Brune, som alt har stukke av med både Kulturdepartementets litteraturpris, NBUs debutantpris «Trollkrittet», i tillegg til å ha vore nominert til Brageprisen. Mange store ærer på ein gong for Håkon Øvreås, som er barnebokdebutant (men har skrive for vaksne før)!
Eg las boka på nett rett tid, ein kveld eg var litt trøytt og lei, og trong ei oppmuntring.
Eg las Brune og blei glad igjen, og så sov eg så godt den natta. Eg blei Glaina.
«Om dagen er Rune Rune, men om natten kler han seg i brunt og blir superhelten Brune. De store guttene har revet hytta han har bygd sammen med kameraten Atle. Rune klarer ikke å hamle opp med guttene, men Brune vet råd, og utstyrt med brunmaling og pensel tar han hevn.»
Tvi, tvi! Eg håper det blir Noreg som stikk av med prisen i år, og er sikker på at begge bøkene er verdige vinnarar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar