Det nærmar seg jul, som vanleg tenker eg på kva bøker som skal bli med i kofferten vestover og som vanleg har eg lyst til å ta med langt fleire enn eg truleg klarer å lese.
Ei bok eg ikkje har lyst til å legge att, er novellesamlinga av Alice Munro eg er komen omtrent midtveges i, nemleg Hateship, Courtship, Friendship, Loveship, Marriage, som eg liker veldig godt og som inneheld novella The Bear Came Over The Mountain, som den nydelege filmen Away From Her er basert på, og som eg ser fram til å lese.
Vi har også ei ny lesesirkelbok på gang, som må lesast denne jula. Boka denne gongen er Pupper og egg av japanske Mieko Kawakami, ei bok som handlar om korleis kvinner har det i Japan i dag, i krysspress mellom venleiksideal og husmorkrav. Eg har aldri lese bøker av japanske forfattarar før, så det er noko eg ser fram til. Ei ven, lita bok er det også.
Men eg må vel ha med ei bok til? Det er fleire i hylla eg har lyst til å lese. Ei av dei er den første og så langt einaste romanen av danske Naja Marie Aidt: Sten, saks, papir. Eg har tidlegare lese novellesamlinga hennar Bavian, ei bok eg likte svært godt, og som blei populær i lesesirkelen, også.
Men så var det den siste romanen til Eivind Hofstad Evjemo, då, som også ligg her og glimer: Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet. Klarer eg å få lese alle desse bøkene? Klarer eg å legge nokon av dei att? Det er det siste som eigentleg er spørsmålet.
17. desember 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Mange bra saker her! Ikke lett å plukke ut noen få bøker. Har akkurat gjort det sjøl, uten at jeg tror jeg får tid til å lese så mye i jula. Ha en fin siste adventhelg!vv
Legg inn en kommentar