Eg har fått slik sans for å lese danske bøker i det siste. Som eg har skrive om før, har eg fått auga opp for bøkene til Helle Helle, og har lese tre av dei denne våren og sommaren, Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann, Ned til hundene og Dette burde skrives i nåtid. Eg likte nok aller best den første.
I tillegg har eg lese novellesamlinga Bavian av Naja Marie Aidt, som ho fekk Nordisk Råds litteraturpris for i 2008. Det var eg som føreslo denne boka til lesesirkelen og eg har likt å lese henne, utan at eg heilt kan setje fingeren på korfor.
Eg innser at novellekompetansen min er for dårleg. Eg veit kva eg liker, men ikkje korfor. Eg veit ikkje kva som gjer ei novelle god, veit berre kva eg synest er godt og ikkje. Det blir altså eit spørsmål om smak og behag, og Bavian behaga meg. Noko anna som har behaga meg er å lese danske bøker på dansk. Det gir ei heilt eiga oppleving, og sjølv om det er Trude Marstein som står for dei norske utgåvene, føretrekk eg å lese bøkene på originalspråket når eg kan. Det er noko eg vil bli flinkare til.
Eg har også lese to svenske bøker på svensk denne sommaren, Pojkarna av Jessica Schiefauer og Dorés bibel av Torgny Lindgren, sistnemnde er eg ikkje heilt ferdig med enno. Svensk på svensk freista også til gjentaking, og engelsk på engelsk har eg jo gjort lenge - så då gjenstår berre tysk på tysk, men det trur eg blir hakket verre, sjølv om eg karra meg igjennom b-språkundervisninga på vidaregåande.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Skulle veldig gjerne likt å høre hva du kommer fram til vedrørende hva som gjør ei god novelle god, hvis du finner ut av det! :)
Det er vel ikkje så truleg at eg skal finne ei god formulering av det. Ein kan alltids seie noko formelt om korleis ei novelle "skal" vere, men kva som gjer ei novelle god - korleis skal ein setje ord på det?
Legg inn en kommentar