Kamille nr. 6/ 2013 |
Eg drøymer om meir skrivetid, om å stå opp, arbeide, ta eit avbrekk i symjehallen og la teksten få mogne. Ein stor del av jobben er tenking, og det har eg jo fått gjort litt av, sjølv om eg ikkje har hatt tid til å skrive: tenkt og notert i ei lita, blå bok.
Til så lenge har eg håp om å få bruke litt av påskeferien på Giske til meir manusarbeid. Eg vil skrive ut manuset på papir, legge arka utover golvet på loftsstova og sjå kva tekstar som passar best saman. Kor stor plass tek 130 A4-sider, tru?
Eg har også planar om å lese i påska. Ein krim og ei anna bok. Per i dag står det mellom Englemakersken av Camilla Läckberg (eg har jo skrive ein artikkel om englemakersker i Kristiania) og Den mørke porten av Lars Mæhle på krimsida, og Syngja av Lars Amund Vaage eller The Road av Cormac McCarthy på den skjønnlitterære sida.
Kva skal du lese i ferien?
2 kommentarer:
Hei Aina!
Så bra at du er skikkelig i gang med ny bok.
Bøkene dine lever, og hos oss på Alta bibliotek kranger jeg og ungdomsbibliotekaren om hvem som skal presentere Inn i elden når vi presentere litteratur.
Hei Solgunn!
Det var veldig hyggeleg å høyre, takk for koseleg kommentar! Ha ei god påske!
Legg inn en kommentar