Eg bruker mykje tid på tekstane mine. Eg vil at språket skal vere så godt som muleg og setningane rytmiske og presise. Eg vil ikkje kjede lesaren med ordgyting, vil ikkje seie det same tre gonger etter kvarandre på tre ulike måtar: heller seie det éin gong, presist. Dette er målet.
No i påska bruker eg ein del av tida på å skrive og på å lese. Eg har eit manus som ikkje er ferdigskrive enno, men som eg likevel sit og flikkar på. Eg jobbar med innhaldet, men også med språket og rytmen, eg endrar eller fjernar upresise eller unødvendige setningar og passasjar.
Sidan eg er inne i språkarbeid med min eigen tekst, legg eg også ekstra godt merke til språket i dei bøkene eg les denne påska; ein bestselgjande utanlandsk krim og ein kritikarrost og prisløna norsk roman. Forskjellen er stor.
Krimromanen inneheld særs mange flosklar og klisjefylte metaforar, forfattaren introduserer altfor mange, altfor like personar altfor tett, altfor tidleg i boka, og eg må kave meg gjennom seksti sider med forvirrande og uengasjerande tekst før det endeleg byrjar skje noko litt spennande.
Den prisløna romanen er i ei heilt anna klasse. Personane er få og oversiktlege og eg er inne i teksten allereie på første side. I tillegg er språket så godt og gjennomarbeidd at det blir lett og godt å lese.
Og det er her poenget mitt ligg: min mistanke er nemleg at den prisløna romanen er lett å lese - ikkje fordi han er lettvint skriven, men det motsette - fordi han er gjennomarbeidd og forfattaren har brukt mykje tid på språket for å fjerne det som luggar hos lesaren, slikt som er dumt eller irriterande eller unødvendig, eller slikt som øydelegg flyten i teksten.
Krimromanen, derimot, mistenker eg at har vore «lett» å skrive, i den forstand at forfattaren har fokusert på å skrive ned handlinga, utan å gjennomarbeide det språklege i særleg grad etterpå.
Det som er lett å lese versus det som er lett å skrive, altså. Og konklusjonen? Det som er lett å skrive blir ikkje nødvendigvis lett å lese. Og det som er lett å lese har ikkje nødvendigvis vore lett skrive.
27. mars 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar