28. desember 2012

Koloniens sanne andlet

ROMAN
Kim Leine  
Profetene i Evighetsfjorden
Cappelen Damm 2012, 555 sider


Historie: Den skitne fortida får utfalde seg i Kim Leine si forteljing.

Historia er full av svarte flekkar. Den dansk-norske koloniseringa av Grønland og overgrepa koloniherrane utførte der, er ein av dei, og det er dette som er temaet for dansk-norske Kim Leines roman av året, Profetene i Evighetsfjorden. Romanen er nominert til Nordisk Råds litteraturpris og det er interessant materie å ta seg inn i.

Året er 1787 når den unge Morten Falck Pedersen går i land på Grønland etter ei lang og hard sjøreise frå den gale kongens København. Norskfødde Morten har utdanna seg til ein middelmåtig prest etter farens ønske. Hans virke skal vere i den grønlandske misjonen, i kolonien Sukkertoppen, eit stykke nord for Godthåb.

Det er Hans Egede, grunnleggaren av kolonien Godthåb, som har freista førebu den unge magister Falck på det som ventar. Trass i dette er det ein entusiastisk, men nokså uførebudd teologicus som set beina på svaiande, grønlandsk jord. Vi forlèt han nokså raskt etter landgangen, historia gjer eit hopp, og då vi treffer han igjen seks år seinare er det ein ganske annan magister vi møter: nedbroten og herja av skjørbuk, prega av kroppsleg og sjeleleg forfall og på desperat utkikk etter skipet som kan frakte han tilbake til heimlandet og eit normalt liv. Kva har skjedd med Morten?

Kim Leine nøstar gjennom tidshopp, tilbakeblikk og tidvis bruk av vikarierande forteljarar opp historia til sin stakkars hovudperson. Vi får sjå koloniens sanne andlet: Handelen og Misjonens harde framferd mot innfødd og kolonibuar. Innfødde som tek seg til koloniane, lèt seg kristne og døype, er under koloniens beskyttelse. Dei andre, såkalla «ville», må klare seg sjølve. Går dei tomme for mat, blir siste utveg å koke og ete sine eigne skinnklede, før døden ventar i svolt og kulde.

Det finst derimot ei motmakt til kolonistyrets einevelde: profetane som har busett seg ved Evighetsfjorden. Det er det døypte eskimoparet Maria Magdalena og Habakuk som styrer sekta, og innfødde flokkar seg til, får beskyttelse og Guds ord, som Han sjølv har tala det til Maria Magdalena i draumar. Dei får òg nyte godt av varer frå den ulovlege handelen med engelske skip. Sekta må sjølvsagt nedkjempast, aller mest for Handelens del. Men er magisteren med på laget?

Eg har med tida fått ein djup skepsis for dei tjukke, såkalla episke romanane, og var letta over å bli positivt overraska over denne. Sjølv om det er delar som ikkje fungerer like godt, står romanen att som ei god leseoppleving. Historia er medrivande, og dei ekspressive skildringane av ulike livsformer på slutten av 1700-talet er fascinerande, frå kvalfangst til piping av prestekragar. Romanen har ei rekke innslag av det groteske; lus som piplar frå sjaskete pudderparykkar, kjønnslege eksessar, tarmar som tømer seg og tenner som losnar frå rotnande munnar. Den skitne fortida får utfalde seg.

Kim Leine er opphavleg norsk, men flytta til Danmark som 17-åring, og derifrå vidare til Grønland, der han budde i fleire år. Han har god kjennskap til det grønlandske, og skildringane av skikk og bruk hos dei innfødde, frå praktisk arbeid, vanar og klesdrakt til måtar å te seg på, verkar overtydande. «Dei ville» blir ikkje einast stereotypiar på eit framandt og annleis urfolk, men står fram som einskildpersonar med like mykje eigenart som einkvar nordmann eller danske, slik det både er og bør vere.

Det er forfattaren sjølv som har omskrive boka frå dansk til norsk, og det heng noko dansk att over språket, som i varierande grad verkar tilsikta. Mest påfallande er at munnlege høflegformer som I og Jer er behaldne. Desse blei ganske sikkert brukt av dei dansk-norske embetsmennene, men gjer seg likevel ikkje heilt i den norske utgåva, i likskap med ein del andre ord som heng att.

Forfattaren skriv i etterordet at romanen er ein historisk fantasi, men har like fullt gått inn i kjeldene, og mykje av det han skildrar verkar truverdig, utan at eg med dette kan gå god for alt.

Profetene i Evighetsfjorden er ei bok som kan lesast og likast av mange. Det er ein spenningsroman, òg: boka byrjar med eit drap.

Bokmeldinga var opphavleg publisert i Bokmagasinet, Klassekampen, 15. desember 2012

Ingen kommentarer: