15. oktober 2012

Den triste mannen

Ove Haugli i Trude Marsteins siste roman, Hjem til meg, er ein junkie. Ikkje ein junkie i den mest brukte forstanden av ordet, men ein kjenslejunkie, ein mann som blir stadig meir avhengig av sparket og suget i den nye forelskinga, den nye lysta, den nye kvinna - og som aldri retteleg blir nøgd, same kven har får, same kven han går ifrå. 

Vi følgjer Ove gjennom 32 år, frå han som ung turnuslege i 1978 gjer kjærasten Wenche gravid og har sitt første sidesprang. Vidare følgjer vi han gjennom forholda til fem andre kvinner, som førekjem med eit varierande antal års mellomrom. Ove liker visst allslags kvinner, Marstein har sjølv uttala at Ove sikkert kunne blitt forelska i kven som helst - så lenge ho er ny?

I takt med at Ove blir eldre, blir kvinnene yngre og stadig meir forskjellige frå han sjølv. Medan han og førstekona Wenche hadde mykje felles, endar han ein stad der han nærast må dikte opp det som skal interessere han med den nye kvinna han møter.

Ove er ikkje ein sjarlatan. Han er ryggradslaus, han er dum, han er ufornuftig og han sårar dei rundt seg, men aldri eigentleg med overlegg. Det er som om han har ei liding og denne lidinga gjer han ute av stand til å late vere å forfølgje impulsane sine, når det kjem til kvinner, som ein narkoman som ikkje klarer late vere å ruse seg.

Marstein gjer eit poeng av å ta klisjeane til vanlege folk på alvor, både i handlingar og språk. Som ho nyleg uttala i eit intevjue med NRK vil ho skrive om dei vanlege folka, det vanlege livet, og utruskap er, dessverre, vanleg.

Sjølv om Hjem til meg er medrivande lesing, klarte eg ikkje late vere å bli deppa då eg las bokas siste, triste del, der Ove er blitt ein bestefar som ikkje aksepterer verken alderen sin eller rolla, og som har enda einsam etter utallige fallerte forhold og feilgrep. Då siste side var lesen kjende eg ein stor tristleik over Ove og livet hans, og samtidig ei stor lette: det er ikkje mitt liv.

Ingen kommentarer: