11. juli 2012

Å lytte

Mange forfattarar skriv bøker om å reise til framande stader for å skrive. Sikkert fordi mange forfattarar reiser til framande stader for å skrive.

For nokre år sidan las eg Sigrid Finne av Marit Tusvik, og sjølv om ikkje denne boka berre handlar om det å reise vekk for å skrive, handlar ho også om det. Noko av det eg hugsar best tre år seinare, handlar om å bu åleine i eit lånt hus på Sicilia, gå lange vegar til butikken for å handle, møte ein olm hund på vegen, gjere yoga og ete frøblanding til frukost. Og å ikkje få til å skrive.

No er eg sjølv i eit lånt hus, med lånt katt, med forhåpningar om å arbeide meg inn i eit nytt manus. Rett nok er eg ikkje like langt vekke heimafrå som Sicilia, men langt nok unna til at eg får nye impulsar og eit brot med mitt vanlege liv, mine vanlege gjeremål.

Medan eg er her les eg Hyenene av Hanne Ørstavik, som også handlar om ein forfattar som reiser vekk til ein framand stad, til ei leilegheit lånt av ein forfattarkollega. Men i motsetnad til forfattaren i Marit Tusvik sin roman, skal ikkje Siv skrive der ho er, ho skal «lytte innover i seg selv, i det som kjennes stille, tomt og dødt. Hun vil undersøke hvem og hva hun er, når hun ikke fyller på med handling, men tvert imot lar være å handle, lar være å skrive.»

Kanskje blir det litt lytting på meg også, men mest etter kva eg skal gjere med det nye manuset, kva det er som eigentleg skal skje, og korleis. Kven er desse menneska, kva vil dei? Sjølve skrivinga lèt førebels vente på seg. Til så lenge les eg relevant litteratur og tek notatar, så får ideane romstere som dei vil medan eg går langs vatnet til butikken, står i dusjen, sit på terassen med katten, ryddar etter meg på kjøkenet, og lyttar til vinden i trea.

Ingen kommentarer: