22. januar 2011

Eg vil skrive ei Ullhovudmyr

Eg er ikkje reinætta sunnmøring. Som den einaste på øya – slik kjentest det iallfall då eg var barn – hadde eg ein far som ikkje var frå Giske. Faren min var frå ein mytisk stad ved namn Finnmark, der ingen hadde vore og alle var overtydde om at berre fanst samar og rein.

Det var ikkje heilt stovereint å ikkje vere hundre prosent gisking då eg voks opp. Kanskje var det noko nesten mistenkeleg over det. Kanskje var det å ha ein far som var finnmarking, med eit rart, framandarta etternamn, omtrent å likne med å ha ein far frå månen. Eg er ikkje sikker, men annleis snakka han. Han sa verken «ej» eller «øss» eller «buda» og når han skulle seie «no» sa han «nu» og på toppen av det heile var han ikkje heilt norsk, ein gong. Forfedrane hans var frå Finland og hadde kome til Noreg på slutten av 1800-talet. Eg var ikkje berre halvt finnmarking. Eg var utanlandsk.

Det var alltid spennande å høyre om familien oppe i nord. Dei var litt meir magiske der oppe enn vi var her nede. Dei høyrte vardøger før nokon kom, dei kunne heile smerte med hendene sine, dei sparte bær til småfolket i marka. Særleg dette med Finland likte eg godt å tenke på. At eg var litt finsk. Eg syntest det var tøft, same kva dei andre ungane sa.

Dei siste åra har eg fatta stadig sterkare interesse for denne delen av arven min. Eg har gått på kurs for å prøve å lære det dei i dag kallar kvensk og far min kallar finsk. Eg har hatt lyst til å reise nordover i mange år, men av ulike grunnar har det ikkje blitt. Det er som om det er meir omfattande å reise til Finnmark enn det er å reise til utlandet ei helg.

I fjor sommar bestemte vi oss endeleg for å reise. Flyet gjekk over Sverige og Finland, turen tok to timar frå Oslo til Kirkenes, så vidare med propellfly over Varangerfjorden. Vi flaug høgt, eg hadde sett meg ved vindauget, hadde tenkt eg skulle sjå ned på dei store skogane, men eg såg berre skyer. Vi landa midt i solnedgangen i Vadsø, den intense solnedgangen over vidda. Eg hadde ikkje vore der på femten år. Eg saug luktene inn, syna: landskapet, fjorden, lyset. Vi reiste ut til bygda til far min, der elva som renn nedover vidda møter havet: ein salt straum oppover, ein søt straum ned. Det kjentest godt å gå rundt i den vesle bygda. Sjå dei særeigne, avlange varangerhusa der fjøsen var bygd til som ein del av bustadhuset. Sjå skulen far min gjekk på, som er kyrkje no, høyre historier frå barndoms somrar og vintrar, kjenne den friske brisen og sjå over til Russland på klare dagar. Når eg stod i bygda og såg mot sjøen likna bygda på Giske: grønt og blått, med kvite strender. Så snudde eg meg og det var grønbrun vidde der, så langt auget kunne sjå.

Vi plukka molter like over bygda, på Villapääjänkkä – Ullhovudmyra – der myrulla nikka frå magre stilkar. Myra saug støvlane fast, eg kjende den kalde væta utanfor gummien, høyrte dei våte smatta når eg trekte dei opp og gjekk vidare, til neste tue, full av bær. Ein fugl byrja synge litt lenger borte, ein frosk kraup opp mellom tuene. Bæra var saftige, så mykje friskare i fargen der ute ved kysten, nesten raude endå dei var mogne.

Her plukka far min bær då han var barn, her gjekk forfedrane mine og plukka. Her putta små og store hender bær i munnar, bær i spann. I elva fanga dei blink og laks til middag. Her gjekk bestemor med skautet sitt, her song ho dei finske songane. Ein dag får eg kanskje til å skrive om dette. Skrive ei bygd og ei elv. Skrive ei Ullhovudmyr.

Fredagsspalte i Sunnmørsposten 21. januar 2010. Foto: Privat. Skallelv i Nord-Varanger, Aust-Finnmark.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Aina :-) Skriv frå hjartet, så får du det nok til. Er i det spontane hjørnet og vil berre seie, takka vere di mormor leitte eg fram att "Vigrabibelen" i kveld og las stykket ditt. Ho syntes det var artig at du hadde skrevet om far din :-) Det er godt å vite kor ein kjem i frå, syns eg. Helsar deg med Olav H. Hauge og sei; Ingen har varda den vegen 
du skal gå 
ut i det ukjende, 
ut i det blå. Vil lese bok nr. 2 ein dag. I beste meining, Kristin.

Aina Basso sa...

Hei Kristin,

tusen takk for hyggeleg kommentar! Mi kjære mormor.

Anonym sa...

Du skriv så levande og fint. Nesten som eg kan sjå det, og kjenne luktene..
Helsing Anne-Mari Kaldhol

Aina Basso sa...

Takk for det, Anne-Mari!