19. oktober 2010

Fiolinane

I vår kom Jan Roar Leikvoll med sin andre roman, Fiolinane. Allereie før ho kom ut blei det snakka entusiastisk om boka i gangane på Samlaget. 'Ho er veldig bra,' sa ein av redaktørane. 'Forferdeleg og vakker.' Og det er ho.

I likskap med den første boka, Eit vintereventyr, møter vi eit menneske som lever under brutale og brutaliserande kår. I Eit vintereventyr gjekk vi inn i hovudet og verda til ein ung, kjenslevar mann som gjer sitt for å overleve i ein konsentrasjonsleir. I Fiolinane lever den unge mannen på ei fylling midt i ein ørken. Rundt han er det sand, jernskrap, skur, skit, rotter, steikjande sol. Er det eit fortidssamfunn vi kjem til? Eller ei verd i ruinar? I byrjinga kan det verke slik. Men så byrjar vi å forstå at det finst noko utanfor denne fyllinga. Stundom kjem fly over og slepper ned hjelpesendingar, for så å forsvinne igjen. Kor er dei andre? Kva har hendt og korfor kjem dei ikkje og reddar desse menneska ut?
Dette får vi ikkje svar på.

På fyllinga har menneska regredert til ein primaltilstand. Dei går nakne rundt, fysisk styrke gir overtak. Her er dei sterke mennene alfahannar som blæs opp dei raude pungane dei har mellom beina, medan svakare menn og kvinner har å innrette seg. Det gjeld å skaffe seg mest muleg frå hjelpesendingane flya slepper ut, det gjeld å føre slekta vidare, det gjeld å byte til seg verdifulle saker, det gjeld å overleve.

I dette nedstrippa samfunnet finst ikkje mange gleder. Likevel er det eit lys i denne boka. Menneska, som er blitt som dyr, som hoppar rundt, ruggar seg mot kvarandre, slår, valdtek, utnyttar, har ein gong vore som menneske. Ein gong, då bestefar var ung, då 'fiolinen fiolinar var', fanst det musikk i verda, fanst eit anna liv, eit anna samfunn. Men på eit par generasjonar har altså regresjonen kome så langt at berre dei gamle veit om dette. Det einaste dei unge kjenner er sanden, sola, skura, skrapet.

Eg grudde meg lenge for å lese denne boka. Eg var redd ho ville gripe inn i meg og rive meg opp. Men ho gjorde ikkje det. Under, mellom, bak alt det brutale finst det eit lys, finst noko vakkert, finst det menneskelege, draumane, håpa, kjærleiken. Og for dei som sette pris på språket til Jan Roar Leikvoll i den første romanen, er det endå betre no. Det er strammare, meir presist, med poetisk styrke i skildringane av få og enkle motiv: lyset frå ei glaskule, skyer som driv over himmelen, rillene i eit landskap av sand.

4 kommentarer:

Ståle sa...

Jeg har ikke lest den første - og har egentlig ikke tenkt på å lese noe av han. Før jeg leste denne omtalen. Nå grubler jeg på om jeg skal begynne med den første eller siste...
God omtale.

Aina Basso sa...

Du kastar ikkje vekk tida di om du les Leikvoll, så mykje er sikkert. Desse bøkene er slike du ikkje gløymer så lett. Og når det gjeld kva for ei du bør byrje med, så seiest det jo at ein alltid skal ta til med det nyaste av ein forfattar. Men om det er rett av den grunn, veit eg ikkje.

Lille søster sa...

Jeg har sett boka, men ikke festet meg ved den. Den høres veldig bra ut. Selv om jeg kvier meg for virkelig ubehagelige bøker.

caterina sa...

Jan Roar Leikvoll er enestående i norsk litteratur. Det finnes ingen andre forfattere som er i stand til å si så mye med så inderlig få ord. I «Eit vintereventyr» forteller han like mye i de første tre sidene andre ville brukt 50 sider på. Vidunderlig vakkert og flinkt.

«Fiolinane» er språklig ganske lik. Brutal og fantastisk. Fordi mennesket frarøvet anstendighet, verdighet og moral blir et instinktbasert dyr. Det ble litt for mye punger - da bestefarens kjeve også lignet en pung, ble det hele litt punktert - men det hjelper ikke. Boken jobber fortsatt i meg.


Jan Roar Leikvoll. Merk dere navnet, dere som ikke allerede har oppdaget ham.