16. oktober 2010

Ho smattar, snur seg til andre sida

Nokre morgonar vaknar eg tidleg. I den stille gata byrjar morgontrafikken, dei som køyrer til jobb. Nokre timar varer det, så blir det stilt igjen, stilt til ettermiddagen kjem, til dei køyrer heim.
Frå kjøkenglaset ser eg trea bli gule, himmelen vakne, få slør i pastellar, streif av sol. Frå kjøkenglaset ser eg lauvet falle, dagen kome, ser eg vindauge bli blanke, spegle dagen i flatene.

Nokre dagar har eg mykje å gjere. Nokre dagar har eg lite. Men same korleis dagen er får eg ikkje til å skrive. Kanskje kan ein ikkje alltid skrive. Kanskje må ein vere til stades i arbeidet med å få den nye boka ut til lesarane, den som ikkje er to månadar enno, den som nettopp er komen i bokhandlane, i biblioteka, den som folk berre så vidt har byrja lese, halde mellom hendene.

Men eg saknar skrivinga. Saknar henne når eg snakkar med andre som skriv, når eg les opp saman med andre, når eg les for andre, snakkar for andre, saknar henne når eg les andre eller les om andre, når eg skriv for andre enn meg sjølv. Stadig prøver eg å vekke henne, opne henne, men ho ligg der, rører så vidt på seg, snur seg over til andre sida og sovnar igjen. Eg vil ikkje få tid til å vere saman med henne på mange veker framover, det er så mykje anna som skal gjerast, andre tekstar skal skrivast, skular skal besøkast, ein ny festival. Men eg kjenner trykket i meg, trykkokaren, måtte det sprute ut når november er midtvegs, måtte det koke over, måtte det strøyme fram.

3 kommentarer:

Ståle sa...

Også vi som trives med skrivinga di håper at tiden snart gir deg rom for å skrive. Men enn så lenge har jeg noe å se fram til. I tillegg til vakre bloggposter, står det en Basso-bok i bokhylla og venter på at Shantarams siste side skal snus. Godt å ha noe å se fram til :-)

Avil sa...

No hamna eksemplaret mitt av Taterpige i Bergen, plutseleg. Den lever no, der ute.

Det er ei veldig fin bok du har skrive, no må du puste. Marknadsføre. Lese opp. Bli ferdig.
Komme deg i land igjen.
Tenker eg, då.

Og så kjem neste bok til deg, når denne er ute av kroppen.

Aina Basso sa...

Ståle:
Takk for gode ord! Eg reknar med skrivinga plutseleg vaknar igjen.

Avil:
Du har rett. Men eg kjenner likevel trongen til å skrive, eg finn berre ikkje roa eller konsentrasjonen. Og takk for at du spreier boka!