Det er like før eg får den nye boka mellom hendene, like før eg hiv meg på sykkelen nedover til forlaget, opnar permane, blar gjennom ferskt nytrykk, framleis med lunk i seg.
Det er like før alt. Festivalar, opplesingar, møte med publikum, med lesarane, med kritikarane.
Eg lurer på korleis denne hausten blir. Eg lurer på korleis denne boka blir, korleis ho er, når ho møtest av andre. Dei som ikkje har sett seg blinde, som ikkje har tenkt og arbeidd med dette stoffet, desse menneska, desse orda i nesten to år. Finn dei noko mellom permane? Noko eg har lagt der for dei å opne? Finn dei seg sjølve, noko anna, eller finn dei ingenting?
I morgon syklar eg til forlaget. I morgon tek eg boka mellom hendene. Etter det kan alt skje.
---
HER kan du opne boka og lese dei første sidene.
25. august 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
17 kommentarer:
Gratulerer. Tvi-tvi. Break a leg!
Gratulerer!! Venter i spenning sammen med deg.
Det andre bornet ditt. Det blir like spesielt som det første. Gratulerer!
Mange vil finne boka (det nydelege omslaget!) og inni er det etter kva eg hører frå folk som har lese, mykje fint! Blir ein bra haust :)
Å...! Så kjempespennende! Lykke til med alt dette, heldige du som er der (ja, eller her, da) akkurat nå. Gratulerer!
Oh, yes, Aina. Dette held. Dette held i massevis. Gleder meg til resten.
Tusen takk for positive meldingar! Det set eg pris på!
Det er noe spesielt med å se og holde boka si for første gang!
Ha en fin bokhøst - håper du får mange lovord og mange lesere!
Jeg er allerede fanget av historien - mer mer!!
Spennende - denne vil jeg lese! Gratulerer. :-)
Tusen takk, les i veg! Ingenting som er kjekkare enn det!
GRATULEEEEEEREEER! SÅ FANTASTISK! NÅR ER BOKA Å FINNE I BOKHANDELEN? skal løpe og kjøpe!
Tusen takk! Ho skal vere i handelen denne veka!
endeleg! held boka i hendene no. å, som eg gler meg til å lese!
Oj, allereie! Så spennande! Gisp!
I dag så jeg boka di i en bokhandel. Den lå på disken og skulle nok prises og plasseres i hyllene. Det var gøy å holde i en fysisk og endelig utgave :) Gleder meg til å lese!
Så artig! Eg har ikkje sett den i bokhandelen sjølv, enno, har berre fått rapportar frå andre.
Legg inn en kommentar