19. august 2010

Bokhausten raslar

Eg klarer ikkje legge frå meg den f*** boka, roper Asle.
Han nærmar seg no. For mange er han her allereie. Fleire forlag har lansert sine haustlister med brask og bram, bokmeldingane av haustens nye bøker har byrja dukke opp i avisene og nokre av oss har så smått, medan vi ventar, hatt kontakt med representantar frå medieverda og gjennomgått nok ein fotosesjon med forhåpentlegvis ikkje kjempeidiotisk resultat. Kan ein nokon gong venje seg til, og vere avslappa framføre, den svartblanke linsa? Kan ein nokon gong kjenne seg som i sitt naturlege element slyngande rundt ei trestamme eller med Fångat av en stormvind i håret? Eg veit ikkje. Men det er utruleg kva vi menneske kan tilvenje oss, det er vel ein biverknad av den naturlege seleksjonen.

Samlaget lanserer si haustliste førstkomande tysdag. Pressekonferanse klokka ti om morgonen i Spegelsalen på Det Norske Teatret, vi er fire som skal lese der, etterfølgt av møte i forfattarklubben, lunsj og fest litt seinare på dagen, i eit fantastisk lokale på Dælenenga, med både musikk og opplesingar, vil eg tru. Eg gler meg storleg! Kjole er kjøpt, hår skal snarleg stussast, alle desse små tinga som til saman stavar  f e s t . Dei lanserer forresten også nye nettsider og etterkvart den nye Samlagsbloggen, der du kan lese innlegg av Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Arnfinn Kolerud, Agnes Ravatn, Ingelin Røssland, Ragnhild Kolden, Magnhild Bruheim, meg og ei eg ikkje har fått med meg namnet på enno. Eg kjem nærare tilbake med lenke og slikt når han er oppe og går.

Og etterpå? Jau, det er vel då det eigentleg byrjar. Først skal eg vere tre-fire dagar på Bjørnsonfestivalen, lese opp saman med andre vaksebokdebutantar, besøke ei vidaregåandeklasse, delta i Kritikerseminar om den suksessrike barnebokforfattaren Maria Parr og til sist presentere boka mi under programposten 'Vi er alle minoriteter'.

Bokhausten raslar med blada. Snart dett det bøker ned frå alle hyller.

6 kommentarer:

Lille søster sa...

Så spennende! Og du er i godt selskap!

Aina Basso sa...

Ja, selskapet er godt både her og der!

Elen Fossheim Betanzo sa...

Hurra! Det blir stas!

Aina Basso sa...

Hurra! Er så spent, at!

Mette Moen Baatvik sa...

Ja til rasling frå blada! ;-) Lykke til med lansering, opplesing og salg, Aina.

Aina Basso sa...

Tusen takk for det!