30. mai 2010

Champagneskummande, viltveksande

Så er det over for i år. Nokre hektiske dagar med snakking og lytting i parkar, kafear, hagar, pubar, bakgardar og salar. Alle dei fine menneska, nokre nye kjenningar, nokre gamle. Alle inntrykka som no skal bli prosesserte i hjernen, spaltast, plasserast, alt eg kjem til å hugse, alt eg kjem til å gløyme.

På toget heim, ein sliten gjeng som fortsette festivalstemninga inn i den siste dagen, i ei vogn med utsikt til Mjøsa og blomstrande hegg, som luktar så søtt oppe i skråningane, lågmælte, halvt liggjande samtalar, i ei boble i eit tog i ei verd der her og no er større enn etterpå, der i går framleis er levande.

Alle inntrykka: Bertrand Besigye som krøkjer seg saman over sin eigen tekst, krummar fingrane, støyter ut orda: champagneskummende - død-eh. Einar Már Guðmundsson som les først på 'skandinavisk', deretter på islandsk, les på islandsk og eg byrjar å gråte, for språket er så vakkert, lydane, det rører ved noko eg ikkje visste eg hadde, og bileta orda frammanar: sola går ned i flammar, hav, land. Paal-Helge Haugen, fin, lågmælt, sikker, og seinare Hilde Myklebust som les dikta frå Amnesty-antologien Akkurat nå, dikt som får meg til å grine, først der og så her:

Fyrst no passerer sanden
gjennom det konkave livet
Renn i smale striper
frå botn til botn
kvar gong det vender

Musikken. 'Magisk møte med Moddi', kunne det stått i ein tabloid, om dei skreiv om slikt, men dei skriv aldri om dei verkeleg fine tinga, desse tinga vi hugsar, som sit att i oss gjennom åra. Som Moddi. Og Susanna and the Magical Orchestra. Og Bonnie 'Prince' Billy and the Cairo Gang. Og kva med allsongen. Og nachspiela. Det legendariske nachspielet og det rolege - der vi blei kasta på gangen og seinare ikkje ville inn att om dei bad aldri så mykje: sitje i ein teppemjuk gang, andføtes, to lange rader, sende rundt eit glas raudvin, snakke nokså lågt - nokon bryt ut i plutseleg song - det stilnar igjen. Og ein hip hop battle mellom tre nye vinglas i bakgarden på Haakons pub nokre timar tidlegare, frykteleg dårleg, pinleg, frykteleg morosamt.

Nokon som sa at livet er meir enn skriving.

Nokon som sa: Man må si de utroligste ting til de utroligste mennesker.

Ein debutant på kongestol. Ein sko på taket. Raudvin på tennene. Ølglas som veltar. Skyer av røyk. Halvkveda viser. Påbyrja, seinare etterlatne samtalar, ein hage med pledd, lukta av hegg, latter og skrål, faste handtrykk, alle desse orda, menneska, andleta, auga deira, nokre du ser inn i, nokre som flakkar forbi. Til neste gong, det er jo menneska vi er her for, å møte dei ein gong til.




Eg har vore på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og biletet av Søndre park er lånt HERIFRÅ.

9 kommentarer:

heklehatt leser sa...

Å, det hørtes UTROLIG fint ut! Så deilig med en liten smakebit. Når her og nå er større enn etterpå - hva skal man si - fantastisk.

Hilde sa...

Så klar som eg var for å reise i dag, og så lengtar eg alt tilbake.
Takk, kjære.

torbjørn hauken sa...

Dette høres ut som et år på folkehøyskole komprimert til en helg - sterkt!

heklehatt leser sa...

thauke2: bra sagt!

Aina Basso sa...

Ja, dette var saker. Gler meg allereie til neste gong, håper det også blir saman med deg, kjære Hilde!

Lille søster sa...

Neste år kommer jeg, det er helt sikkert.

Aina Basso sa...

Det trur eg at eg også gjer. Årvisst.

Groskro sa...

Hei,

vil bare si at jeg har lest "Ingen må vite" og det var en utrolig fin bok. Jeg gleder meg til din andre bok kommer, historien var gripende men språket var nydelig! Takk for en god leseopplevelse :-)

Aina Basso sa...

Takk for det! Hyggeleg å høyre!