24. mai 2010

Eg lyg

Kor realistisk er det?
Eg skriv - så langt - romanar med handling frå ei tid som ikkje er mi eiga, ei tid eg er nyfiken på og vil vite meir om. Eg skriv om menneske eg aldri har møtt og kanskje heller ikkje fullt ut forstår handlingane eller tankane til. Dei er, som dei fleste romankarakterar, konstruksjonar, men ikkje berre det, dei er konstruksjonar som skal bere mentaliteten frå ei anna tid enn mi eiga.

Eg lyg.

Så enkelt er det. Eg lyg og lyg. Som dei aller fleste andre som skriv romanar, lyg eg. Men eg prøver å ikkje lyge heilt. Korleis gjer ein det? Er det i det heile muleg å berre lyge halvt? Vil ikkje alltid berre eit snev av løgn gjere heile påstandens konklusjon løgnaktig?

Jau, kanskje. Men med å lyge halvt meiner eg dette: Eg held meg til sanning så langt eg kan. Til det spesifikke bybiletet Trondheim hadde kring 1750. Til gater og hus, til løkker og murar. Eg held meg til sanning så langt eg kan når det gjeld dei sosiale institusjonane i ein by. Både forretningsliv og kriminalitetshandsaming, religiøst liv, behandling av sjuke, og folkeliv. Historiske fakta. For noko veit ein jo. Nokre spor har desse menneska etterlate seg, som seier noko om korleis dei levde, korleis dei innretta seg i dette livet. Nokre spor har dei etterlate seg om korleis mange av dei, eller nokre av dei, tenkte. Tankegodset som tilhøyrer ei tid eller ein kultur - er det ein storleik?

Eg trur det er det. At det finst visse fellesdrag i måten ein forheld seg til visse saker på. At der finst eit felles minste multiplum, som det heiter, for eit folk. Gode kjelder til dette er sjølvsagt memoarar eller ulike skriftlege kjelder frå tida ein skriv om. Frå vår tid vil Karl Ove Knausgårds Min kamp vere ei fin kjelde for ettertida, tenker eg. Dag Solstad, Trude Marstein, Hilde K. Kvalvaag det same. Dette gjeld for veldig mange av dei romanane som kjem ut i dag. Dei behandlar dei ulike delane av tankegodset vårt, subjektivt filtrert, og gjer det til fiksjon, men plausibel fiksjon, noko vi som lever i dag kjenner oss igjen i. Eg liker å kjenne meg igjen i mi eiga tid. Og like godt liker eg å prøve å kjenne meg igjen i ei anna tid. Difor liker eg å lese samtidsromanar frå andre tider enn mi eiga. Dei Sigrid Undset skreiv, til dømes, eller Virginia Woolf, Jane Austen, Lev Tolstoj, Mikhail Bulgakov. Det er alltid noko der, som vitnar om tida dei er skrivne i. Reiseskildringar er også veldig fine kjelder til mentalitet: kva blir halde fram som viktig, som vakkert, kva blir halde fram som eksotisk?

Eg trur også at ein kan finne ut ein god del om korleis menneske kan ha tenkt og kjent gjennom seg sjølv, sine eigne tankar og kjensler, sine eigne reaksjonsmønster og - ikkje minst - ved å bruke si eiga innlevingsevne. Om du, som sekstenåring, hadde kome vekk frå den familien du til den dagen ikkje hadde vore skilt frå ein einaste dag, blei teken til fange av framande hender og sett inn i eit tukthus, heilt åleine, framand blant ukjente, som ikkje ein gong delte din kultur, ditt morsmål, dine meiningar, ditt syn på verda, som endåtil forakta deg og såg på deg som noko lågare enn dei, som spotta deg - korleis ville du følt det?

Men like fullt lyg eg. Og eg tenker at mine historiske romanar, om det blir med desse to eller om fleire kjem til, ikkje vil bli ståande som like interessant litteratur for ettertida som samtidsromanane våre. Det einaste dei historiske romanane kan fortelje noko om er korleis ein person frå mi tid, påverka av alle samtidas straumingar, ideologiar, mentalitet, mv, fortolka ei tid som låg langt unna både i tid og form frå hennar eiga.

Les også DETTE innlegget hos Bokmerker-bloggen, om andre tiders samtidslitteratur.

Ingen kommentarer: