6. april 2010

M.a. Geir Gulliksen

Ein bytur seinare har eg (endeleg) lånt Tjuendedagen av Geir Gulliksen på folkebiblioteket og (endeleg) kjøpt Samtiden 1-2010 der han skriv om sitt syn på maskulinitet i essayet Se min kjole. I same nummer finst òg eit intervju Tore Renberg har gjort med Karl Ove Knausgård, tekstar av Hanne Ørstavik og Kjersti Rorgemoen, for å nemne nokre. Eg ser fram til å lese og er imponert over at også Narvesen i Ålesund har såpass leseverdig litteratur på nedste hylla, under alle bil- og dameblada sine.

No skal eg ha ei småtekst-skriveveke, etter at ny versjon av manuset vi trur skal heite Vegane blei sendt av garde til redaktøren i går kveld. Fråsendinga blei markert med eit glas cava og forsøk på å senke skuldrene. Og så endra eg overskrifta og namnet på bloggen. Etter fem år kjentest det som det var tid for fornying. Trist nok forsvann alle bloggane eg abonnerte på, samt alle dei fine kommentarane eg har fått her dei siste fem åra samtidig, men slik er livet.

Edit: Kommentarane har dukka oppigjen!

7 kommentarer:

heklehatt leser sa...

spennende med nystart - lykke til! tror du må varsle bekymrede bloggere om hvor de skal finne deg nå - flimresiden er vekk!

Aina Basso sa...

Takk! Det er eigentleg berre det same gamle med nytt namn og adresse. Litt ugjennomtenkt - eg innrømmer det! ;)

Aina Basso sa...

Takk! Det er eigentleg berre det same gamle med nytt namn og adresse. Litt ugjennomtenkt - eg innrømmer det! ;)

Gunhild sa...

Jeg trodde jeg hadde mistet deg da linken fra bloggrollen min ikke virket lenger, men så dukket du opp under eget navn. Det liker jeg godt. Du er vel først og fremst Aina Basso selv om Flimre er godt innarbeidet i bloggverdenen :)

Gratulerer så mye med innsendt manus - og med fornyet bloggidentitet!

Aina Basso sa...

Takk! Korleis fann du meg? Eg var litt bekymra for det der!

Eg kjenner meg ikkje som flimre. Har aldri gjort det, det var jo berre eit namn på ein anonym blogg opptenkt i ei fart i 2005, fordi det akkurat då var eitt av dei finaste orda eg visste om. Men no er jo ikkje bloggen anonym, lenger.

Gunhild sa...

Jeg fant deg i statistikken min: Noen hadde klikket seg inn til siden min fra bloggrollen din (på ny adresse).

Jeg tror ikke du trenger å bekymre deg. Jeg er nok ikke den eneste som leter aktivt for å finne igjen bloggen din. Den er jo et høydepunkt i hverdagen! Og etterhvert oppdaterer vi linkene fra våre bloggroller, så går det seg sikkert til.

Aina Basso sa...

Det var nok meg, som henta deg opp då eg måtte legge til lenkene mine på nytt! Elles takk for optimismen :)