21. mars 2010

Kva skal vi lese i påska?

Sidan eg har eit par møte/ oppdrag i nærleiken både rett før og rett etter påske, tek eg like godt ein litt ekstra lang påske(skrive)ferie på heimstaden min i år. Og då kjem uunngåeleg spørsmålet, som det gjer kvar gong eg skal ut på tur: Kva slags lesestoff skal eg satse på denne gongen?

Eg har jo ein del å velje i, som vi alle har. Eg har allereie byrja lese i to-tre (veldig fine!) bøker og har to andre bøker som lesast i løpet av den neste månaden, av ulike grunnar som er utanfor min kontroll (biblioteks-lånefrist og lesesirkelmøte). Og i tillegg har eg jo lyst til å få i meg litt påskekrim. Så kva skal eg velje?

Så langt trur eg det blir som dette:
Min kamp bind 4 av Karl Ove Knausgård
Mennesket er en stor fasan i verden av Herta Müller
og
Pilgrims Rest av Patricia Wentworth, som blir årets påskekrim.

Så beklager, Virginia, Jan Roar og Camilla - de må nok bli heime i byen denne påska, endå så lyst eg har til å ta dykk med meg ut i havet, alle saman.

Kva skal du lese i påska? Tek du det på sparket eller er du planleggingsfrik som visse andre (kremt)?

Når det gjeld skrivinga så har eg ny dødlinje på romanmanuset like over påske, så no er det berre å skrive på. Den førre versjonen av manuset er allereie sendt til fagkonsulent (eg er så heldig å få ein historieprofessor til å lese og rettleie meg, slik ho også har gjort tidlegare i reint faglege samanhengar) og ein av mine absolutte favorittillustratørar, Stian Hole, skal lage omslaget. I tillegg skal eg få lesehjelp og innspel frå ein tidlegare kollega, som har gode kunnskapar om temaet eg skriv om. Så då manglar vi berre tittel og ferdig tekst. Og vips, så har vi ei bok? Vi får tru det går vegen. Fortsetjing følgjer!

6 kommentarer:

torbjørn hauken sa...

Har begynt på Knausgårds barndom(skamp), men håper å være ferdig med den til påske, der jeg for lengst(joda!) har prikket inn T.Manns 'Trolldomsfjellet'. Det er antakelig nok, men i bakhånd har jeg en jeg nettopp fikk låne på biblioteket, den heter 'Ingen må vite'... Men Rom da, får vi vite noe først i et lørdagsbilag?!

Kristin H sa...

Leser Wolf Hall av Hilary Mantel, den er god men det tar lang tid å snu sidene....
Siden nå Norge har fått en Knausgård epedemi så tenker jeg å begynne på min importerte versjon etterpå.
Lykke til med boka di:)
Best, Kristin

Elin sa...

Vet ikke om jeg får noe serlig tid til lesing. Jobber hver dag framover, bortsett fra søndag, og så onsdag 31. mars får jeg besøk, og da får jeg fri. Men når jeg har besøk blir nok ikke lesing prioritert.

Aina Basso sa...

thauke2:
Kva for eit bind held du på med? Også nr. 4? Eg har allereie kost meg med den utruleg posør-aktige klesstilen han vandrar rundt i den nordnorske bygda med. Svart frakk, basketsko og alpelue. Kan det bli betre?

Elles svært hyggeleg å høyre at du har lånt boka mi!

Angåande Roma, så har eg visst forsømt meg, ja. Det burde eg kanskje gjere noko med!

Kristin:
Takk! Kos deg med påskelesing.

Elin:
Jobbar ikkje du på bibliotek? Er det ikkje jobben din å lese? Her må det finnast eit smutthol!

heklehatt leser sa...

bravo, flimre! tenk at du er så godt i gang og til og med har fått illustratør! stian hole! jeg gleder meg til å lese, se, høre.
god langpåske!

Aina Basso sa...

Takk i like måte!