6. mars 2010

Det blir berre damer

Kanskje er eg i 8. mars-stemning, kanskje er eg prega av 'til ære for 8. mars'-spalta eg har sysla med i det siste, kanskje er det tilfeldig, men uansett blir det berre damer som får vere med til Roma. Tre damer, faktisk. Virginia, Helle og Patricia.

Virginia får vere med fordi ho inspirerer meg, fordi ho er den beste forfattaren eg veit om og fordi eg altfor lenge har lengta etter å lese meir av henne, men i staden har late ein viss mann viss namn eg ikkje skal nemne i denne samanhengen, ta over all lesetid.

Helle får vere med fordi eg lenge har vore nyfiken på forfattarskapen hennar, og fordi eg har høyrt veldig mange gode ting om henne. Den siste boka hennar er passe tynn og ser lovande ut og får difor vere med i bagasjen.

Patricia får vere med for å underhalde meg viss eg blir lei eller sliten. Ho skriv lette (kanskje litt for ukompliserte?) krimromanar frå engelsk overklasse, med ein detektivhelt til forveksling lik Miss Marple, ved namn Miss Silver. Bøkene hennar kom ut i det som seinare er omtala som gullalderen i britisk krim, og eg gler meg til å sjå kva ho har å by på denne gongen.

Desse bøkene blir altså med:
Virginia Woolf: The Waves
Helle Helle: Ned til hundene
Patricia Wentworth: The Watersplash

Så får vi sjå kven eg les, kor mange og kor mykje. Alle passar iallfall fint i veska.
Sorry, boys!

4 kommentarer:

Avil sa...

Eg er letta over at du ikkje drassar med deg utelukkande bøker av He-Who-Must-Not-Be-Named, då er det håp om at du heller ikkje let deg påverke litterært, for er det noko eg elskar ved stemma di, så er det nettopp at alt du skriv gir ei kjensle av å ha gått den ekstra mila på knea som skal til for at teksten skal gå frå god til ekstraordinær.

Det er ikkje heilt slik at ein blir det ein les, men massiv påverknad er massiv påverknad.

God reise!

Lille søster sa...

Jeg er spent på hva du synes om "The Waves". Kanskje ikke så lett å lese, men fantastisk.
God tur til Roma!

Aina Basso sa...

Avil:
Det var det finaste eg kunne høyre (lese) akkurat no, eller når som helst, eigentleg.

Helsing dårleg sjølvkjensle av å lese Virginia Woolf.

Lille søster:
Så langt: Fantastisk. Og dette tek tid (fordi eg vil nyte det). Og: metafor på metafor på metafor. Utruleg.

Anonym sa...

jeg har lest på The Waves i snart tre år. hvordan man kan bli ferdig med den?