18. januar 2010

Oppgjer ved tretti

På trettiårsdagen. Kakene er ei gåve.

Eg er tretti år. Då eg var fjorten var tretti år veldig vakse. Nesten så vakse at eg måtte seie ”he he, det er jo ikkje noko gammalt det” for å trøyste dei trettiåringane eg snakka med i fall dei kjente seg gamle. Då eg var fjorten var tretti synonymt med ein eller annan jobb, å vere gift med ein draumeaktig mann, hus og bil, eit par ungar og ein katt. Tretti år = Vaksenlivet.

Då eg var tjueto var eg litt meir realistisk. Trettiåringar var ikkje lenger gamle folk eg måtte trøyste, no var begge brørne mine over tretti, stipendiatane på Institutt for historie og klassiske fag på universitetet var omkring tretti og ingen av dei var triste eller stakkarslege. Eg byrja tenke at dei på tretti kunne vere litt tøffe, samtidig som eg var sjeleglad for at det var lenge til eg blei like gammal sjølv.

Eg såg framleis føre meg å vere gift med ein draumeaktig mann, men eg såg føre meg å vere ein litt meir nygift trettiåring enn det fjortenåringen såg føre seg. No visste eg til dømes at eg ikkje ville bli ferdig med mi lange utdanning før eg blei tjueseks, dersom alt gjekk etter planen. Og etter det måtte ein jo få seg ein jobb. Og så måtte ein jo kjøpe seg ei skikkeleg leilegheit. Men så kunne ein gifte seg, og eg fantaserte mykje om den biten.

Eg skulle vere hulderaktig med langt, bølgja hår og kvit kjole med ermer som gjekk ned i spiss (dette var på den tida då det store håret til Herborg Kråkevik og Ringenes Herre-estetikken var veldig på moten) og bryllaupssongen skulle vere ”Bruremarsj frå Jämtland” med Gåte, som også var veldig på moten akkurat då, iallfall i Trondheim, gjerne sungen av meg sjølv, åleine skridande innover kyrkjegolvet i ei mellomalderkyrkje. Deretter skulle eg vere lykkeleg nygift eit par år før eg byrja få ungar omtrent rundt… no. Vel, vel. Mykje har endra seg sidan den tid.

Eg er altså tretti år. Eg fullførte utdanninga mi då eg var tjueseks, men der stansar alle likskapar. Eg er ikkje gift, eg har ikkje ungar, eg har ikkje hulderhår og eg har ingen intensjon om å nokon gong synge nokon bruremarsj medan eg langsamt skrid nedover eit kyrkjegolv. Tvert om, må eg vel seie.

Når det kjem til alderen, så er han eit merkeleg fenomen. De som allereie har vore tretti veit sikkert kva eg snakkar om, de andre får berre ta meg på ordet. Å vere tretti år er som å vere midt mellom barken og veden. Aldersmessig er eg vaksen. Eg er også vaksen i ei rekke praktiske tilhøve: Eg eig mi eiga leilegheit, eg har ein karriere, eg har oppfylt min største draum (å gi ut bok, om nokon lurte), eg står på eigne bein økonomisk, eg lagar sunn og skikkeleg mat, eg kan å hekle, eg eig ein Black & Decker, eg sit i redaksjonen til eit leksikon. Men eg kjenner meg likevel ikkje heilt heime i den nye kategorien ’vaksen’. Ikkje berre er eg ugift og barnlaus, eg har ikkje eingong lappen!

Men eg innser jo at eg er vaksen no. Eg merkar det på dei små tinga, på kroppen min som byrjar oppføre seg annleis, som at eg ikkje lenger kan sove på magen, for då får eg vondt i korsryggen, eller ledda mine som knett og knakar. Men det verste og tydelegaste teiknet er dette: Eg må slikke på fingeren for å bla om i avisa. er du gammal, då.

Laurdagsspalte i Nationen, 16.01.2010

31 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Gratulerer med rund, fin alder.

Skal eg røpe kva som er aldersteiknet når ein nett har runda 40? At ein treng leselys. Er det ikkje forferdeleg?

:-/

Aina Basso sa...

Takk!
Treng ein ikkje leselys før ein blir førti? Hm. I så fall er eg forut for mi tid, trur eg :)

Anita sa...

Gratulerer, gratulerer! 30-åra er fine de! Men ved nærmere ettertanke er jeg nå nærmere 40 enn 30 - og DET vet jeg ikke helt hvordan føles ;)

Unknown sa...

Gratulerer en masse, Aina! Du er så pen og blid på bildet at en skulle ikke tro du var en dag over niogtyve.
(Merk! Gode forfattere har ikke lappen.)

Aina Basso sa...

Anita:
Takk for det. Det er iallfall ein ting som er sikkert: Det er betre å bli førti enn å ikkje bli det!

Geir:
Haha. Flott kompliment. Angåande lappen og gode forfattarar så veit eg ikkje heilt om det stemmer, er det føreteken nokon analyse av dette? Burde eg late vere å ta han i tilfelle det vil hjelpe?

Avil sa...

Folk som bur på landet må ha lappen, og nokre av dei som både bur på landet og har lappen blir 40 år i år, og eg er så vaksen at eg øver meg på å bli nedlatande heilt andre vegen enn eg var som ung.

Gratulerer med overstått!

Lille søster sa...

Gratulerer med dagen, Aina! Tretti er bra,og det blir bare bedre og bedre.

Aina Basso sa...

Berre til oppklaring:
Det er faktisk ganske lenge sidan eg blei 30. Det var i fjor, og det var vår, det vil seie at det er kortare tid til eg blir 31 enn det er sidan eg fylte 30. No vel. Takk for alle gratulasjonar, uansett - det er alltid kjekt, sjølv om eg faktisk ikkje skreiv denne spalta for å feire meg sjølv, meir for å vere litt sjølvironisk på grensa til det pinlege. Og fordi det var tid for oppgjer, sånn i overgangen frå eit tital til eit anna. Noko slikt.

Avil:
På landet MÅ ein ha lappen. Den dagen eg flyttar på landet skal eg også ha lappen.

Kva er nedlatande andre vegen enn då du var ung?

Lille søster:
Eg likte veldig godt å bli 30, på ein måte. Altså: Herleg unnskyldning for ein stor vennefest, eg fekk fleirstemt bursdagssong og alt var nydeleg og fint. Det er også godt å ikkje vere like forbaska ung og usikker, lenger. Ein er den ein er, tenker eg. Med alle sine feil og manglar.

Ein smart, eldre fetter av meg sa ein gong at det var topp å bli eldre, for då gir ein litt meir f og er ikkje lenger så redd for å drite seg ut. Eg har tenkt at det skal stemme, for det er ingenting som er verre enn å gå rundt og vere så redd for alt muleg. Så eg prøver å lære litt av mannfolka.

Avil sa...

Då eg var ung var eg nedlatande overfor dei som var gamle og satte og trudde dei var fine med rynkene og hengerumpene sine og meinte slike vage og ambivalente ting om alt mogleg.

No skal eg bli nedlatande overfor dei som er unge og uetablerte og trur dei er fine med dei karakterlause fjesa og barnekroppane sine og trur verda er svart-kvit.

Lille søster sa...

Avil: Enig.

Aina: Jeg hadde en slags formening om at du hadde bursdag på våren, hadde vel lest det et sted ? men tenkte at det ikke stemte likevel.

Silje sa...

"Tvert om"?
(Jeg hang meg litt opp i hva det motsatte av å ha huldrehår og intensjoner om å synge brudemarsj mens man langsomt skrider nedover et kirkegulv kan være ...)

30-åra er ellers en fin tid for å være nedlatende både mot unge og gamle. Det gjelder å nyte det mens man kan.

Aina Basso sa...

Avil:
Høyrest ut som ein vinn/vinn-situasjon, det. Nedlatande får du vere okke som.

Lille søster:
Ja, det stemmer. Slik sett verkar kanskje denne spalta litt rar. Tek sjølvkritikk.

Silje:
'Tvert om', som i å late det vere. Både å ha hulderhår, gå nedover eit kyrkjegolv og synge sin eigen bruremarsj. Viss eg hugsar rett hadde vel du også litt hulderhår i si tid?

Kjerstin sa...

Her ein dag innsåg eg at eg har byrja kle meg nesten akkurat som dei halvgamle damene eg såg ned på då eg var 15 (jfr. Avil). Den gongen tykte eg litt synd i dei, eg tenkte at dei var jo dessverre avdanka og visste nok ikkje betre, stakkars. No veit eg at eg tok feil. Vi veit betre, vi berre drit i det.

Silje sa...

Hm? Jeg? Jeg var vel bare litt sløv med hårstellet. Det er jeg i grunnen fremdeles.

Aina Basso sa...

Kjerstin:
Haha. Ubetaleleg kommentar!

Silje:
Det var igrunnen berre det som skulle til. Late vere å børste seg og klippe seg og slikt. Var iallfall det eg gjorde.

Silje sa...

Jeg satser på at den stilen kommer tilbake.

heklehatt leser sa...

Oi, jeg likte det kjerstin sa: Vi veit betre, vi berre drit i det.. ja!

Aina Basso sa...

Silje:
Men vi drit jo i om det er in, som Kjerstin og heklehatt påpeiker her :)

Synline sa...

Den som bor på landet må ha lappen, det er helt sikkert.(Sett meg ikke igang om "grønne" forslag om bilfrie dager osv for å redde miljøet. Gjerne det, men gi meg da en buss!) Vel, det var et sidespor. Jeg tok lappen da jeg var 23 år, fem år etter "alle andre". Da bodde jeg i Oslo, men var såpass fremsynt at jeg skjønte at jeg kom til å få bruk for den. Heldigvis gjorde jeg det da, for jeg hadde sikkert ikke turt (heter det turt?) det nå.

Man blir mer pysete når man blir eldre. På enkelte ting.

Andre ting driter man i, som andre har sagt.

Målet mitt er at jeg skal bli enda flinkere til det. Drite i ting. Særlig hva andre synes om meg.

Aina Basso sa...

Synline:
Ja, det er skralt med bussar på landet. Kvar gong eg er heime irriterer det meg, og eg snakkar om det med dei som framleis bur der fast, og seier at dei må klage på det. Men ingen prøver å gjere noko med det. Veit ikkje korfor, om dei ikkje trur det hjelper eller om det faktisk ikkje hjelper.

Eg veit ein blir meir pysete når ein blir eldre, eg er veldig pysete, men ein blir også litt tøffare på nokre ting, som du seier. Å gi meir f er iallfall bra, trur eg. Iallfall for oss som er kvinner, som er så innpoda med (kvinneleg) underdanigheit og beskjedenheit at det er til å spy av. Når vi byrjar oppføre oss slik menn alltid har gjort får vi merke Jantelova. Slikt provoserer meg. Satsar på at alder og litt meir tyngde vil hjelpe på den greia der.
Hurra for det!

heklehatt leser sa...

det året jeg fylte 30, fikk jeg først lappen - så ble jeg 30 - så leverte jeg masteroppgaven - så fikk jeg kjæreste - og kunne livet bli bedre da, egentlig? Ja, det kunne det! det finnes heldigvis ingen fastit for rekkefølgen eller tidspunkt når ting skal/bør skje. Jeg synes livet bare blir bedre og bedre. Men nå er jeg jo særdeles heldig, må jeg si. Og jeg blir modigere og modigere. Med museskritt, kanskje, men ja:
la oss bli tøffere.
la oss stole på at vi er bra nok som vi er.

Lille søster sa...

Her (på landet) sitter det kanskje én person på bussen om kvelden. Skjønner at tilbudet ikke blir bedre da. Men så hadde kanskje flere brukt bussen hvis tilbudet ble bedre. En runddans.

Aina Basso sa...

heklehatt:
Det var verkeleg ditt store år! Sånn enn så lenge :)
Eg hadde ein opptur då eg var 29, eg. Kjøpte leilegheit, gav ut bok, fekk stipend.

Lille søster:
Ja, det er nok ein vond sirkel. Ingen gidd å klage, fordi dei uansett synest det er meir praktisk å ta bil. Så då.

Silje sa...

Livet går gjerne i rykk og napp. Det året jeg fylte 34 hadde jeg nettopp begynt i min første jobb der kontraktstida ikke var oppgitt i uker. Så fikk jeg min første kjæreste, ga ut min første bok og ble gravid med mitt første barn. Godt fornøyd med det året :-)

Unknown sa...

Eg vart vaksen då det gjekk opp for meg at eg sat i ein bil eg eigde, utanfor eit hus eg eigde, på veg til ein jobb eg trudde eg var for ung til.

Gratulerer!

Akeleiedamen sa...

Jeg ble voksen da jeg skjønte at mine erfaringer kan ikke bare deles med de som er yngre enn meg, de må selv oppleve og erfare av sine feil, kanmper og mestringer.Og at man ikke lærer noe av å bare være lydig....! he-he. Viktig innsikt for en lærer som meg, kanskje....

Aina Basso sa...

Silje:
Det var litt av eit år! Bra for deg!

MagFly:
Det skjøner eg godt du blei :) Og takk!

Akeleiedamen:
Det er viktig med ulydige elevar, til ein viss grad, men også nokså frustrerande for ein lærar, vil eg tru? Hadde fakisk nett denne samtalen i går med ei god venninne som er lærar. Vi vil ha eit samfunn der alle tør og kan seie si meining, samtidig er den oppveksande generasjonen så til dei gradar autoritetsmotstandarar at det er ei pine å halde ro i timane? :)

Men bra for ungane, då. Ein får håpe det fører gode ting med seg for dei, seinare i livet.

Akeleiedamen sa...

Helt enig! Ja, i at det ikke er nødvendig å gi dette rommet for forhandling og at "alle må få sagt sitt og mene noe" hele tiden. I klasserommet går jeg for den kjærlige diktator....Det jeg mente med å være ulydig er nok mer en erkjennelse jeg har kommet til hos meg selv, at JEG må tåle å være litt ulydig. ikke være så utrolig pliktoppfyllende hele tiden og gjøre det som er forventet. Jeg trengte noen år på å komme til den erkjennelsen. dagens elever trenger de rammene de kan få. Det gir trygghet. det er bra;)

Aina Basso sa...

Ja, sjølve må vi vere litt ulydige. Altfor mange med flink pike-syndromet der ute. Det er ikkje godt for oss.

torbjørn hauken sa...

Eg er seint ute, men gratulere vil eg! det kan vel passe bra at du har fått i gåve ein bloggpris der du må fortelje om deg sjølv! du finn prisen på bloggen min.

Aina Basso sa...

Ååå, kjenner motstand mot å poste det som vil bli kommentar nr. 31 på eit innlegg om 30, men ok. 28, 29, 2010 - med det 31. skal det skje!

Takk og takk, Thauke! Både for det eine og det andre :)