21. januar 2010

Ormens väg på hälleberget


Lesesirkelen har lese Torgny Lindgrens historiske roman frå 1981, Ormens väg på hälleberget, eller Orms veg på berget, som han heiter i nynorsk omsetjing (1984). Romanen er også filmatisert.

Tittelen er henta frå Bibelen, Salomos ordtøke: 30, 18, viser det seg. Det er flinke K. som har brukt søkemotorar på internett og funne dette ut:

Det er tre ting som er for underfulle for meg,
og fire som eg ikkje skjønar:
ørns flòg over himmelen,
orms veg over berget,
skips veg på havet
og manns veg til ei ung kvinne.

Romanen er eit lagnadsdrama frå 1800-talets Västerbotten og forteljast av sonen i familien, den såkalla Skravel-Jani. Arvesynda speler ei sentral rolle i denne forteljinga, korleis familie og nedarva omstende legg lagnadar over folk som religionen og sedvanen hjelper til å vidareføre i slektsledd etter slektsledd. Det er ei alvorstung bok om overgrep og standsforskjellar, om dei rike sitt maktovertak på leilendingane sine, om gjeld som går i arv og som synast umuleg å kome seg ut av og det nesten utenkelege i å kunne endre på sin eigen situasjon i det tidleg-moderne samfunnet.

Eg har tidlegare lese to bøker av Lindgren som eg har likt veldig godt, Humlehonning og Hakkepølsa. Desse to bøkene er av ein langt lettare art enn denne boka, og eg liker nok betre den munter-alvorlege Lindgren enn den lagnadstunge. Lindgren har eit svært stramt og fint språk, men denne boka synast å vere skriven i ein sosialrealistisk stil typisk for historiske romanar frå 1960, -70 og -80-talet som eg ikkje alltid er like begeistra for. Eg forstår at denne boka var stor då ho kom ut, men i 2010 opplevast det litt som om dette er noko vi har lese før. Og det har vi vel, òg. Det betyr sjølvsagt ikkje at det er ei dårleg bok.

Ingen kommentarer: