14. januar 2010

Leseoppdatering


Det flyt ein del bøker rundt meg om dagen. Ikkje berre 'om dagen', viss eg skal vere ærleg, meir 'alle dagar'.

Eg klarer til dømes sjeldan å motstå utstillingshylla det lokale biblioteket har like ved låneskranken, der dei set opp nye bøker, slike bøker eg vil lese, både av debutantar og andre. For nokre veker sidan plukka eg med meg Marit Tusvik: Deilig er jorden og Morten Wintervold: Oldemor, du er med barn. Det var vel forresten også der eg plukka opp både Purkene snudde seg (Kjersti Rorgemoen) og Norg (Cesilie Holck). Og i går var inkje unntak. Eg plukka opp Vekk meg hvis jeg sovner (Eivind Hofstad Evjemo) og Ned til hundene (Helle Helle).
Eg motstod nokre eg like gjerne kunne ha plukka med meg, det får bli neste gong. Eg har sagt det til dei mange gongar. At eg elskar den hylla.

Men for tida les eg (i tillegg til alle desse biblioteksbøkene eg meir eller mindre har byrja på og tenkt å fullføre) Camilla Collett, Amtmannens døtre, og kjenner at dette er heilt rett tid for akkurat den boka. Eg skal også lese De som ser etter tegn av Britt Karin Larsen, om reisande i Noreg på 1900-talet, eg må jo lese meg opp på temaet no som eg skriv om det same sjølv, berre nokre hundreår tilbake i tid.

I tillegg les eg ein del research-litteratur, som Klokken på Kalvskinnet av Kristian Kristiansen, som handlar om Tukthuset i Trondheim på 1800-talet, samt andre av bøkene hans frå Trondheim, som er byen eg skriv om no. Og eg les ei svært fornøyeleg 260 år gammal bok av den gong biskop og prokansler Erik Pontoppidan, nemleg hans Levnedsbeskrivelse, samt ei reisedagbok frå Noreg i 1749.

Og så kjem eg visst ikkje utanom Min kamp (Karl Ove Knausgård), eg heller. Ikkje at eg hadde tenkt å kome utanom, men, vel. Eg hadde kanskje tenkt å utsetje det litt til? No har lesesirkelen teke tak i saka, og vi skal lese nr. 1 som neste bok. Igrunnen gler eg meg. Det må jo lesast, iallfall forsøkast å lese, og det er alltid gøy å ha nokon å diskutere slike ting med. Eg tippar det er nok å diskutere der.

Og siste nytt til Kurt Aust-fans er (via @tomegeland på Twitter) at han kjem til å skrive fleire bøker om Petter Hortten og Thomas af Boueberge, så då kan vi alle seie som min gode venn F. "Y E S ! ! !"

7 kommentarer:

Lille søster sa...

Amtmannens døtre er bra! Du anbefaler tydeligvis Kurt Austbøkene? Jeg har lurt på om jeg skulle ta en titt på dem.
Hvordan får dere tak i Knausgårdbøker til lesesirkelen? Må dere kjøpe dem? Det er jo venteliste på dem overalt. Hos oss er etterspørselen etter Panserhjerte og Salvadorena riktignok mye større, men man må likevel vente et par måneder på Knausgård også på et landsens bibliotek.

annkolaas sa...

Ikkje nødvendigvis. Eg reserverte Min kamp 2 forrige tysdag i Ålesund. Dei hadde fire bøker inne og eg var nr. 4 i kø, men allereie same laurdag fekk eg boka.

Avil sa...

Nokon har skrytt veldig av Norg. Og eg gleder meg til purkeboka av Rorgemoen. Veldig, faktisk.

Silje sa...

Gleder meg til å lese historisk roman med handling i nabolaget mitt!

Aina Basso sa...

Lille søster:
Eg trur mange kjem til å kjøpe, nokre kjem til å låne og nokre har fått til jul. Her i Oslo er det iallfall lang venteliste. Eg står vel på 260. plass for første bind, no.

Eg liker godt Austbøkene som er frå 1700-talet. Historisk krim. Dei øvrige bøkene hans har eg ikkje lese.

Leseløva:
Verkeleg? Då eg var innom Ålesund bibliotek i jula sa bibliotekaren dystert at eg nok måtte vente eit år før eg fekk den boka...!

Avil:
Les begge, du!

Silje:
Takk! Det føregår ein del på Kalvskinnet, naturleg nok, men innanfor nokre nokså høge gjerder.

annkolaas sa...

Ja. Eg blei veldig overraska sjølv. Hadde førebudd meg på å kjøpe ho. Det var veldig rart at dei sa det til deg. Kan det ha skjedd ein feil sidan eg fekk ho så raskt, skal tru..? Jaja, eg får berre vere glad for det.

Aina Basso sa...

Nei, sikkert ikkje: han tok nok berre litt hardt i. Han sa eg måtte stille meg på venteliste, men sidan eg ikkje bur i Ålesund var ikkje det nokon vits. Ver berre glad til, du! Det er sikkert nokre andre før deg på lista som har fått boka til jul eller kjøpt sjølv eller eitkvart.