11. november 2009

E-bøker

Foto lånt frå dagbladet.no


Eg har aldri forhalde meg aktivt til fenomenet e-bøker. Eg meldte meg tidleg ut av debatten, eller eigentleg aldri inn. Eg har tenkt at det ikkje har noko med meg å gjere, for meg vil alltid papiret alltid vere det rette mediet, eg kjem aldri til å nøye meg med ein liten skjerm når eg kan ha noko handfast av papir mellom hendene, når eg kan bla, fysisk, kjenne lukta av lim og trykksverte, alt det der.

Men no har det seg eingong slik at eg må forhalde meg til fenomenet e-bøker, fordi eg er forfattar og har eit forlag som vil gjere mi første bok tilgjengeleg i digital utgåve. Det store spørsmålet frå sida eg står på i denne saka er sjølvsagt royalty-spørsmålet, som på ingen måte er avklart enno. Forlaga har få utgifter med å gi ut digitale utgåvene, altså bør forfattarane få oppimot 50 % av inntektene, meiner forfattarane. Forlaga meiner naturleg nok noko heilt anna. Men nok om det, dette er ei sak for forfattarklubbar og -foreiningar, og eg håper vi kjem fram til ein avtale alle kan seie seg nøgde med.

Det har seg også slik at eg har ei lang historie med å vere seint ute med ting, for så å plutseleg bli heilt avhengig av det når eg berre får ut fingeren. Mobiltelefonar, datamaskiner, dvd-spelar, internett, iPod, blogg, twitter, Spotify... Eg er kanskje den einaste i landet som enno ikkje har skaffa seg flatskjerm-tv.
Det einaste eg nokosinne har vore raskt ute med var cd-spelar og minidisk. No bruker eg ingen av dei lenger, bortsett frå cd-spelaren viss eg ein sjeldan gong inviterer til fest.

Og eg er jo avhengig. Både av datamaskin, mobil, internett og iPod. Så korfor insistere på at eg aldri vil skaffe meg lesebrett? Plutseleg ein dag sit eg der, på toget, med ein nett liten sak eg har fleire tusen bøker innpå. Men eg synest faktisk det er ein trist tanke.

7 kommentarer:

Ingalill. sa...

Hei!'
Måtte bare hekte på en kommentar - ikke ofte jeg skumper på andre med tjokk-tv :-)
- jeg har heller ikke oppvaskmaskin, watercloset(!), og bærbar pc men kan knapt bevege meg utendørs uten gps.

heklehatt leser sa...

helt enig! jeg er skeptisk i det lengste, for så å bli enten avhengig eller i hvert fall utrolig fascinert (tenk bare hvilken FANTASTISK oppfinnelse internett er!). Vi drøyer fortsatt flatskjerm, og jeg vet faktisk ikke hva spotify er (hva er det..?) Og dette med lesebrett får vi bare ta når den tid kommer...

Aina Basso sa...

Ingalill:
Ikkje WC!? Wow! Bur du i ulendt strøk?
Dét har eg iallfall. Men eg har ikkje GPS. Har ikkje lappen eingong.

heklehatt:
Spotify er ein musikkteneste på nettet, der du kan høyre på all slags musikk gratis. Men ein må få tak i ein invitasjon. Veldig kjekt når ein sit heime og skriv. Og sjølvsagt viss ein liker å ha musikk på øyret (med høyretelefonar) når ein sit på lesesalar eller liknande.

Ingalill. sa...

- der ingen skulle tru at nokon kunne bu - snurredass og man merker ingenting så lenge strømmen er på - different story ved strømbrudd :-)??

Lappen har jeg heller ikke - men gps må man jo ha - hvordan skal man ellers vite hvor man har gått? Spotify drømmer jeg bare om.

Aina Basso sa...

Det høyrest jo veldig flott, ut, det då. Og de har vel naud-aggregat?

Apropos Spotify, så finst der omvegar til invitasjonar. Søk på nettet og du skal finne!

Ingalill. sa...

Takk for tips - jeg søkte - fant - og du får en stjerne i boka :-)

Aina Basso sa...

Bra for deg! :)