25. oktober 2009

Kjærleiksbrev og kemnaren i Kongsberg

Dag Solstad kjem med ny roman i desse dagar, med den originale tittelen 17. roman.
Haustens bok er ein slags oppfølgjar til Ellevte roman, bok atten, som handlar om Bjørn Hansen som flyttar til Kongsberg og blir kemnar. Alt på grunn av ei kvinne, sjølvsagt. Men lat oss ikkje nedverdige Solstad sine bøker med klamme handlingsreferat. Alle som har lese Solstad veit at det slett ikkje er handlinga som gjer romanane hans så gode og unike.

Ellevte roman, bok atten har eg ståande i hylla mi, og eg fann i går kveld ut at eg like godt skulle lese den opp igjen før eg tek fatt på denne siste romanen, som eg reknar med kjem i posten frå Litteraturklubben Epp innan altfor lang tid.

Noko kuriøst er det, for min del, at Ellevte roman, bok atten er den første Solstad-boka eg fekk, og at ho inneheld ei handskriven kjærleikserklæring på gult papir frå han som gav boka til meg. Ikkje heilt ueffent, det.

Ingen kommentarer: