20. oktober 2009

Gardermoen (Jan Erik Vold)

Jan Erik Vold er 70 år, og feirast i alle litterære kanalar.
Sist fredag var eg lykkeleg tilskodar då boka Varmestafetten, med essay om Jan Erik Vold og "remiksar" av dikta hans, skrivne av ulike forfattarar, blei lansert på Internasjonalen.
Jubilanten las originaldikta og nokre av forfattarane las sine remiksar. Det blei også vist klipp frå ein film om Jan Erik Vold og til slutt blei vi æra med konsert med Jan Erik Vold og Håkon Kornstad. Det heile var absolutt nydeleg, eg lo og gret (mest inni meg, særleg det med grininga) og hadde ein fortreffeleg kveld.
Høgdepunktet trudde eg skulle vere då Jan Erik Vold las yndlingsdiktet mitt Kulturuke, men det viste seg å bli toppa då han i tillegg las sin eigen remiks av diktet: Gardermoen. Eg lo meg skakk. For dei som vil høyre det opplese, lytt til søndagens utgåve av Diktafon.
Her gjengir eg diktet, slik eg oppfattar det via ein opplesen versjon, og ikkje avskriven frå papir:

GARDERMOEN

dogremaren
agdermoren
modergaren
endre garmo
er damen gro?
er mona gerd?
er mega nord?
drar egon me
dongearmer
rognedamer
dormeanger
edamernorg
men era goder
amoredreng
romadrenge
org enda mer
negerarmod
narredogme
morderenga
errmagedon
dermegoran
dronemager
ormedragen
gnoremader
og merra ned

2 kommentarer:

Unknown sa...

Haha. Flott!

Akeleiedamen sa...

HERLIG! Dette tar jeg med til norsktimen ;-)