23. oktober 2009

Allkunne.no




Dei lo.
Eller, dei humra iallfall, og allkunne.no blei offisielt opna, medan regjeringa og den gamle og den nye kunnskapsministeren sat i statsråd på Slottet og etterpå presenterte ein ny kabal, i staden for å klippe snora vår.
Etterpå snakka vi lenge om Tarjei Vesaas og stemma hans. Og det lyriske språket hans, som vi (og eg) er så inspirerte og motiverte, av.

Her er teksten eg las. Er det eigentleg noko å le av?

I min fars hus er det mange rom.
Der er også ganske mange bøker, men leksika har det dessverre ikkje vore flust av.

Gjennom heile barndommen – fram til vidaregåande – vaks eg opp utan kontakt med leksikalske hjelpemiddel i det heile. Om det var noko eg lurte på hadde eg tre val. Eg kunne spørje ein vaksen – altså foreldra mine, dei eldre brørne eller lærarane på skulen.
Dette alternativet nytta eg meg nok av i overmål, og det er ikkje fritt for at det blei nokre vel fantasifulle svar frå brørne si side, som eg gjerne skulle ha vore forutan. Det andre alternativet var å oppsøke biblioteket, som på mi vesle øy heldt ope heile tre timar kvar
einaste onsdag. Om der var leksikon i det heile kan eg ærleg tala ikkje hugse. Eg trur ikkje eg tenkte på det eingong, så forsømt var eg, eg styrte rett mot hylla med romanar. Det siste alternativet var det eg hyppigast brukte, og det var å dikte opp svara sjølv.

Då eg som 16-åring forelska meg i litteraturen for alvor, og med litteraturen meiner eg Tarjei Vesaas, var det einaste verktyet eg kunne ty til for å betre min kunnskap, eittbindsleksikonet til far min, utgitt på Aschehoug og nyinnkjøpt på sal. Ikkje eit vondt ord om verken leksikonet eller Aschehoug, eller min fars bibliotek for den del, men det står ikkje særleg utfyllande om Tarjei Vesaas der. Tjuefire fattige linjer er han tildelt, og dei er ikkje eingong på nynorsk. Her måtte det diktast.

Alt dette var altså før internett hadde lagt si store, varme hand kring liva våre. På denne tida hadde eg vore på internett ein einaste gong. Det var i ein samfunnslæretime på skulen, og eg skjønte frykteleg lite av heile greia. Eg og bestevenninna var på gruppe og skulle finne informasjon til ei oppgåve. Eg veit ikkje om vi fann ut så mykje. Vi raska no med oss det vi tilfeldigvis kom over.

Det eg hugsar best av opplevinga er i grunnen kor underleg det var å sitje framføre ein dataskjerm og
lese.
Dette kan umuleg ha noko føre seg,
tenkte eg. Dette internett-spetakkelet blir nok ikkje noka svær greie, tru du meg!
Eg var i grunnen ein ganske gammaldags ungdom. Eg var til dømes ihuga motstandar mot mobiltelefonar fram til eg var 20.

Dette var eit tiår før ”å google” blei eit omgrep verda rundt, og lenge før noko som heitte Wikipedia kunne forsyne oss med halvkveda viser om både det eine og det andre.

Men ein leksikonlaus oppvekst til trass: Eg er i dag ein kunnskapsnerd av rang. Dette er sjølvsagt ikkje noko eg pralar med i sosiale samanhengar, sånn til vanleg. Men eg innrømmer det her og no. Eg plar ofte seie:
”Ja,har eg lært noko nytt i dag!”, med ei tilfreds og bedehusaktig glede i stemma. Dette gjeld det meste av kunnskap, så lenge det ikkje har noko med sport å gjere. Av ein eller annan grunn er eg fullstendig uimottakeleg for sportsrelatert kunnskap. Det er som eg skrur av ein brytar og hjernen min byrjar å nynne.

Det er kanskje den leksikonlause oppveksten min som har ført til denne kunnskapstørsten? Det er iallfall kunnskapstørsten som har ført til at eg brukte mine tilmålte seks år med studielån på Historisk-filosofisk fakultet i Trondheim, utan å bli lei – eg skulle gjerne studert i seks år til. Og det var kunnskapstørsten som gjorde meg til historikar. Og det er blandinga av historikaren og forfattaren i meg som gjer at eg vil skrive historiske romanar med omfattande kjeldegransking i botn. Som historikarar flest synest eg nemleg det er frykteleg
kjekt å sitje i timevis med gamle kjelder og bøker på arkiv og bibliotek.
Så slepp eg jo å dikte opp så frykteleg mykje sjølv.

Om det er ein ting som er sikkert er det at når ein skriv historiske romanar er det enormt mange fakta som skal sjekkast opp. Det held ikkje å tru at dei gjorde det på den og den måten. Nei, ein må vite at dei gjorde det på den og den måten. Eg må vite kva slags pudderparykk domprosten i Nidaros brukte i 1750, og eg må vite om dei drakk kaffi til dagleg eller om det stort sett gjekk i heimebrygga øl.

Og det er ikkje til å stikke under ein stol at internett er eit viktig ledd i research-arbeidet. Når eg sit heime i stova ein mørk kveldstime og lurer på når det blei vanleg med kakkelomnar her til lands, nyttar det ikkje å springe på biblioteket, for då er biblioteket stengt. Det nyttar heller ikkje å oppsøke mitt vesle, ja, skammeleg vesle!, eittbindsleksikon (som til alt overmål er på bokmål), for der står det jo ingenting om det som er vesentleg her i verda. Så då har eg
igjen tre alternativ. Det eine er å skrive spørsmålet ned på ein lapp for å sjekke det opp dagen etterpå. Men det orkar eg jo ikkje, sidan det blir så mange lappar. Det andre er å dikte opp svaret sjølv, eit alternativ dei fleste forfattarar synest er kjekt og fint å ty til, men som ikkje tek seg så godt ut i historiske romanar. Etter mi meining.
Og det siste er å google.

Ikkje slik å forstå at eg får nok informasjon frå dei ymse meir eller mindre seriøse internett-oppslagsverka, ikkje slik det er i dag. Men dei er ein inngang til informasjon. Når eg har lese ein litt ruskete og mangelfull artikkel på til dømes Wikipedia om pudderparykkar og kaffidrikkar, kan eg gå vidare til andre oppslagsverk eller spesiallitteratur og undersøke der. Men det hadde no vore kjekt med større og grundigare artiklar ein kan stole på på internettet. Og det er der Allkunne kjem inn i biletet!

Ikkje lenger må ein stakkars Tarjei Vesaas-frelst elev dikte diktaren opp på eiga hand, men ho kan google og få ein riktig fin artikkel frå Allkunne – på nynorsk, diktarens eige språk. Eg hadde ikkje vore den forfattaren eg er – og har planar om å bli – utan Tarjei Vesaas, og kanskje vil ikkje den stakkars Vesaas-frelste eleven heller bli den ho skal – utan Tarjei Vesaas. Eller Sidebrok, viss det er dei ho liker og til dømes hip hop ho vil drive med. For dei vil ho og kunne lese om på Allkunne. Saman med så mangt anna.

For internettet kom jo for å bli, sjølv om slik gamlisungdom som eg var ikkje hadde noka tru på det. Så det er jo greitt om informasjonen elevane googlar seg fram til (og så ofte bruker klipp- og lim-metoden på) er til å lite på. Og, sjølvsagt:
at han er der.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Elever som bruker "klipp- og lim-metoden" holder seg forhåpentligvis unna Allkunne. Ellers blir ender det med at både de og skolen blir saksøkt..

Aina Basso sa...

Å oppgi kjeldene ein har henta informasjon frå og ikkje drive med direkte avskrift er rekna som god kutyme og er noko ein lærer allereie tidleg på ungdomsskulen. Eg synest ikkje det er greitt at nokon stel det andre har brukt mange timeverk på å skape, utan å kreditere det. Det trur eg ingen som arbeider seriøst innan noko som helst fagfelt synest er greitt. Spør ein forskar, spør ein journalist, spør ein kunstnar, spør ein fotograf.

Viser til denne lenkja der plagiatet frå Allkunne til nynorsk- Wikipedia og deretter bokmåls-Wikipedia blir demonstrert:


www.allkunne.no