21. september 2009

Kapittel 09: frå lugar til kupé

Eg er tilbake frå litteraturfestivalen Kapittel som gjekk av stabelen i Stavanger i helga.
Byen viste seg frå si beste side, sol, litt vind, og programmet var upåklageleg. Eg har sjeldan kome heim frå ein festival og kjent meg så inspirert. Uttrykksbehovet formeleg pressar på. Trøkket må seiast å vere der. Men det må trøyttleiken, òg.

For det er noko med slike festivalar. Med så mykje input kvar dag, så mange nye refleksjonar og idear, så mange gode samtalar med kollegaer (kan eg bruke det uttrykket? er det for tidleg?), så mykje ein vil seie, skrive, lese!

Det er også noko med overnattingsformene og reisetida.
Toget til Stavanger 07.11 fredag morgon var framme ved firetida, noko forseinka.
Nettene tilbrakte vi i små, fine lugarar frå sekstitalet på veteranbåten MS Sandnes, der det også var festivalscene og samlingsplass for forfattarar, kritikarar, forleggarar og andre tilknytt miljøet og festivalen. Eg sov godt i køya mi, for all del, men ein vaknar jo når pumpene går, når motoren startast av ein eller annan grunn i gryotta. Og ein ranglar jo ein smule, sjølv om eg vil seie det gjekk svært så anstendig føre seg i Stavanger, trass i all oljå som låg og lyste i natta.
Noko som minner meg om ei setning som kom som eit brotstykke frå ein samtale på bakre dekk i dei små timar: "Mannens begjær funkler i natten."

Og så var det turen tilbake, i ein heilt nydeleg, liten sovekupé på Norges Statsbaner. Gode køyer, dyner, puter. Men det er ikkje mykje gliding på gang i dei norske toga om dagen. Det er slingring, risting, humping, dirring, during, rykking, endåtil litt skjening. Kroppen dragast fram og attende av sentrifugalkrafta (må det vel vere?) i lange svingar, i høg fart. Ein kjenner sitt eige ytre lag av muskelmasse, feitt og hud riste og trekkast til først eine, så andre kanten.
Men det er sjarmerande. Eg elskar tog. Eg kjende meg ei lita stund som Ask Burle, som har sin bror Balder i overkøya. Deretter var eg i kattebussen i Min nabo Totoro, susande gjennom svartnatta med sterkt lysande frontlykter.

Og eg elska å ligge på båten. Eg tenkte på far min, sjømannen. Slik har han lege mang ein gong, tenkte eg.
Eg tenkte også på Ragnar Hovland, som fortalte at han hadde reist med den sjølvsame båten frå Bergen til Stavanger, då han flytta dit i si tid. Ei lita stund tenkte eg på ein ung og langslungen Hovland i desse smale, korte køyene og lugarane med låg takhøgd. Så kom eg på at han kanskje tok båten om dagen, og sat på dekk eller i ein salong.

Om programmet kjem nok meir etter kvart. Det er mange ting som må uttrykkast og skrivast, men først må det sovast.

2 kommentarer:

heklehatt leser sa...

Hvil godt! det er fint med sånne turer: masse påfyll, masse tanker. Og slingringen på nattoget: som båtens vugge.

Aina Basso sa...

Ja, det er veldig fint. Og om ein ikkje søv så mykje på nattoget, i den vesle kupeen sin, så får ein iallfall erfaringar ein kan bruke i ein tekst ein gong.