21. september 2009

Den sjette ramnen

Februar 2005.

Kvelden før vinnaren av Nordisk Råds Litteraturpris blir offentleggjort, går den nominerte, islanske forfattaren Sjón tur på stranda ved kysthuset sitt. Han er uroleg. Sjølv om det er usannsynleg at han, ein tidlegare surrealist som ikkje ein gong skriv "skikkelege romanar", vil få prisen for vesle Skugga-Baldur, som tilsynelatande handlar om ein rev, og som verken han eller forlaget har trudd skulle ha nokon som helst interesse utanfor Island, er han nervøs:

- Ein forfattar som er nominert til ein pris blir alltid nervøs. Uansett kor mykje han seier at prisar ikkje betyr noko, vil han alltid ønske å vinne.

Denne februarkvelden legg Sjón seg ned på stranda og fell i svevn. Ein sterk draum kjem til han.

Han drøymer at han går bortover stranda, tilbake til huset, og over hovudet hans flyg fem ramnar i same retning som han går. Så kjem ein sjette ramn inn frå havet og slår seg saman med flokken.

Morgonen etter ringer telefonen. Sjón er tildelt Nordisk Råds Litteraturpris. Han er den sjette islendingen som får prisen.

---

Eg høyrte Sjón snakke om sin interessante forfattarskap på Kapittel søndag 20.09.2009, i samtale med Tore Renberg.

Ingen kommentarer: