13. juli 2009

Inger Christensen (1935-2009)


Eg hadde knapt høyrt om Inger Christensen før ho døydde.
Denne betydelege, danske poeten som har betydd så mykje for samtidspoesien.

Første gongen nokon nemnte henne for meg, var då ho skulle lese på Bjørnson-festivalen i fjor sommar, og nokon eg kjenner reiste dit for å høyre henne.
Nokre månadar seinare døydde ho, og eg skjønte at eg måtte finne ut meir om henne. Rettare sagt: at eg måtte finne ut meir om diktinga hennar.

Den 31. mars 2009 var det eit arrangement om Inger Christensen i regi av Litteratur på Blå. Eg skulle dit, og mi kjære venninne Hilde Myklebust skulle dit, og før eg gjekk frå jobb den dagen oppdaga eg at vi begge, både eg og Hilde, hadde fått innvilga Statens arbeidsstipend for yngre kunstnarar. Eg var, ikkje unaturleg, i ei lettare form for sjokktilstand. Eg hadde fått det største kunstnarstipendet ein kan få, heilt uventa, og eg fekk dele gleda med mi gode venninne. I gangen på Blå ringte eg ein forfattar som har støtta meg frå lenge før eg blei anteken, og fortalte den store nyhenda. Rasjonelle tankar blanda seg inn i dei euforiske, i det store og heile var kvelden, og arrangementet om Inger Christensen, inntulla i tankar om kva dette stipendet ville innebere for meg som menneske, kva framtida kunne tenkast å ha av innhald.

Det var eit fint arrangement. Det byrja med eit lydopptak av Inger Christensen frå Danmarks Radio på 1960-talet, der ho las eigne dikt på syngande vis. Det var mørkt i rommet, i denne murbunkersen som er Blå, og eg let meg famne av Inger Christensen si stemme, ho var i mørkret, og mørkret omslutta meg og det euforiske kaoset i meg.

Seinare las Mia Berner frå Sommerfugledalen, som ho har omsett til svensk og no arbeider med å omsetje til norsk, og Terje Dragseth las frå Alfabet. Han spelte også ein låt. Men høgdepunktet var filmen som blei vist. Opphavleg del av ein film om Paal-Helge Haugen, men der er også ein lengre bit om Inger Christensen. Særleg samtalen mellom dei to aldrande poetane, Inger Christensen og Paal-Helge Haugen i eit gammalt hus i Ny-Hellesund, rørte ved meg. Og eg tenkte på kor eg sjølv vil vere i deira alder. Som eit seksti, sytti år gammalt menneske. Vil eg vere på ein liknande stad, eller vil mi litterære stemme vere forstumma lengst?

Filmen viste også eit klipp der Inger Christensen las eit utdrag frå si siste bok, Sommerfugledalen. Ein kan ikkje høyre alt ho les, vinden tek i mikrofonen, skaper støy og overdøyver stemma hennar. Ho står ute, finevêrsblåsten ruskar i det grå håret, eit lite utval menneske sit på klappstolar i ein hage. Etter at ho har lese får ho ein blome. Deretter viser filmen at ho går ut på ei brygge og set seg i ein motorbåt. Og båten fer frå land.
Inger Christensen har vind i håret, ho sit der i sitt svarte antrekk og store briller,
og båten fer frå land.

aldrig var jordklodens hældning så dejlig,
aldrig de zinkhvide nætter så hvide,

så værgeløst opløste, mildt ioniserede
hvide, og aldrig usynlighedsgrændsen så næsten
berørt; juni, juni, dine jakobsstiger
findes, dine sovende kræ og deres søvndrømme
findes, et svæv af galaktiske kim mellem
jorden så jordisk og himlen så himmelsk,
jammerdalen stille, så stille, og gråden
sunket ned, sunket ned, som grundvand igen

(Frå Alfabet. Les heile diktet HER)

2 kommentarer:

Jarle sa...

Hadde høyrt om IC. Men først i januar (dødsfall), byrja eg lesa *om* og lesa *av*. Eg blei slegen til marka. For ein poet! Har enno ikkje kome særleg lenger en "alfabet". Det er slik ei rik bok, både enkel og innfløkt, både kjensler og tanke. * Men no spørsmålet: den filmen du nemner: fortel litt meir om den. Er den offentleg ? Er den ferdig ? Kor lang er den ? Kjem den på fjernsyn ?

Aina Basso sa...

Eg er så einig med deg, Jarle, angåande IC sin lyrikk!

Den filmen veit eg ingenting meir om enn at det opphavleg var ein dokumentarfilm om PHH (laga av Terje Dragseth, meiner eg), men at dei i ettertid har sett at der også var noko fint materiale om IC. Kva som skjer vidare aner eg ikkje. Vi får håpe han dukkar opp ein stad. Eg skal iallfall skrive om det her om så skjer!