12. juli 2009

Du elsker meg

Då eg spurte Steffen R. M. Sørum om kva for ei av bøkene hans eg skulle lese, viss eg skulle lese noko av han, sa han at eg kunne byrje med debutromanen hans Du elsker meg frå 2000.

Nokre veker seinare var eg innom min lokale bibliotekfilial for å gjere heilt andre ting. Levere noko, låne nye filmar. Og nett då hadde dei eit utsalsstativ med bøker til fem kroner stykket. Den første boka eg såg var Du elsker meg.

2

Fra før mitt fjerde leveår har jeg minner om hvordan luft smakte, fargen på et tilfeldig hus, det gule feltet i en bakke, at noen plasserer meg i en sofa. Våkne i bunnen av en bil og bli båret ut i mørket.


Hovudpersonen i romanen er sonen, før, etter og medan mor hans skyt seg i naborommet. Romanen er bygd opp av korte tekstar, nærast som kortprosa. Eller kanskje høver det faktisk i dette tilfellet å nytte omgrepet punktroman. Vi forflytter oss fram og tilbake i tid, frå sonen er ganske liten, til han blir vaksen og har stifta si eiga familie.
Stilen er knapp og nøktern, og nettopp dette finstemte språket, samanstillinga av setningar og element, som i lyrikk, gjer at historia verkar endå sterkare på meg. Det objektivt registrerande.

27

Prosjektilet bryter gjennom kjøtt, sener, tarmer, luften, skapet, veggen, klesskapet. Dempes i tøyet, blir liggende. Blod som setter seg i klær, sommerklær, mine sommerklær som lå nyvasket og brettet i stabler. Kulen stopper bare en halvmeter fra mitt eget hode. Øyne åpnes, ører søker ut i stillheten. Jeg ropte.
Mor. Ingen svarte.

Det er, naturleg nok, ein forferdeleg, skremmande og brutal tekst. Som samtidig er vakker. Dette vakre og vonde som blir så sterkt når det kjem saman.

Steffen R. M. Sørum har gitt ut tre vaksenromanar og fire barnebøker. Til dagleg jobbar han som forlagsredaktør i Cappelen Damm, men har no fått arbeidsstipend for yngre kunstnarar for tre år, så eg tippar det kjem meir for vaksne frå den kanten i tida som kjem.
Du elsker meg kom som pocket i fjor. Ta ein kik på henne.

Ingen kommentarer: