20. juni 2009

Sjampis på Operataket

I fjor kom det visst 800 stykk på den årlege sommarfesten til Morgenbladet på Operataket.
I år regna det. Då vi endeleg våga oss utandørs kom vi til ein spreidd fest inne i Operafoajeen. Eit glas vin seinare letta det, og festen fortsette på taket, til stadig finare vêr og vakre operasvisker over høgtalarane.

Eg trudde kanskje det skulle skje noko. At nokon ville lese, eller snakke, eller opptre på ein eller annan måte. I staden blei det ein typisk minglefest. Alle trykte seg saman inst mot baren, i ei stor, trong klynge. Og det var hyggeleg. Om ikkje "alle" var der, så var der iallfall ein god del. Himmelen lysna samtidig som han mørkna, det sprudla i glasa og blei stadig tettare med folk. Og då eg i dag tilfeldigvis skrudde på NRK der dei viste reprise av gårsdagens VG-listekonsert på Rådhusplassen, skjønte eg at fyrverkeria vi såg frå Operaen blei sendt opp då A-ha spelte Take On Me.

I kveld er det fest på Litteraturhuset. Kanskje eg skal gå dit?

Ingen kommentarer: