5. juni 2009

Kristine kryssa målstreken

Det var tjukt av folk i kjellaren på Den Gode Kafé i går kveld.
Ein anonym lapp med påskrifta "Lansering for Song for Eirabu" og ein pil (eller noko i den dur) ned trappa var hengt på ein vegg i første etasje, men folk klarte likevel å finne vegen. Dei visste kor dei skulle.

Debutanten sjølv, Kristine Tofte, strålte med ny Song for Eirabu-kjole og fansen pakka seg saman i det tronge, lufttomme lokalet, som for høvet glimra med fråver av bartendar. Vi klarte å kose oss likevel. Debutanten las først det kapitlet i boka ho likte best å skrive:

Eg kjem til å lese frå eit kapittel som eg skreiv ute i sommarhuset i fjor. Det var varmt den dagen, eg sto tidleg opp, satte meg ut på baktrappa med kaffikoppen, der husveggen er okergul og sola alltid varmar. Eg skreiv heile scena med blyant, og etterpå kjente eg at eg var lukkeleg. Akkurat den lukka som det er vanskeleg å finne att i desse nervøse, mest fryktsomme dagane, mens eg ventar på dei første kritikkane. Skrivelukka.

Så fekk ho applaus, skryt og blomar og måtte signere bøker heile pausen, med eit digert smil om munnen.

Så var det to opplesingar til: Forfattar og barndomsvenninne Selma Lønning Aarø fekk alle til å le med ein spesialskriven tekst om Kristine og om kor vanskeleg det er å skrive erotiske noveller, særleg for ei gift småbarnsmor frå ein liten stad, med ei mor som googlar henne dagleg. Så var det min tur. Det einaste eg ikkje ville var å lese etter Selma Lønning Aarø. Snakk om å hoppe etter Wirkola. Snakk om kontrast mellom hysterisk morosamt og nitrist. Men slik blei det, og eg stod det over.

Så var det ny pause, bokstabelen forlaget hadde med svann sakte hen, og etter pausen endå tre innslag: Først ein hyllingstekst til debutanten og skrivinga frå forfattaren Caterina Cattaneo, deretter kortprosa og dramatisk monolog med feministisk tilsnitt frå Ellisiv Lindkvist, som debuterte i 2007 med Alt jeg skriver er sant, og til slutt to dikt frå Ida Jackson, kanskje betre kjent som Virrvarr.

Og alle som las fekk Bong for Eirabu som kunne brukast i baren. Ein staseleg kveld og ein svært høveleg måte å krysse målstreken på for den ferske debutanten. Skål!

10 kommentarer:

Monica sa...

Å, det hørtes fint og gøy ut! Jeg har refreshet bloggen min hele morgenen for å se festreferat, her jeg sitter stuck med språkvask og ikke kunne delta på fest i Oslo. Gratulerer, Kristine, og vel overstått lesing, Aina ;-)

Hilde sa...

Å, kor kjekt!
Skulle gjerne vore der og gjort stas på Kristine!
Hipphipp!

Lille søster sa...

Slutter meg til. Hørtes gøy og fint og flott ut!

Midifila sa...

Bong for Eirabu - den var fin :-)

Takk for referatet!

Aina Basso sa...

Ja, det var ein flott kveld. Eit brak inn i forfattarlivet for kjære Kristine - slik kjentest det iallfall frå sidelinja!

Kame sa...

Eia var eg der.

Men, hoppe, sa du? Det kan eg, og du var fin, du og, i følge mine kilder.

(Heh, som om jeg kan nynorsk. Jeg har lest hele Song om Eirabu på Sunnmørsk i hodet mitt, og det var nydelig!)

Aina Basso sa...

Kame!
Så hyggeleg å sjå deg her! Ja, kan du hoppe som Bjørn? Hehe. Det skulle eg likt og sett! Det er bra kjeldene dine er så positive, forresten :)

Eg fekk forøvrig boka i posten i dag, og skal byrje lesinga så snart eg blir ferdig med ein av dei to historiske romanane eg held på med no. Elles stemmer eg for eit møte, gjerne oppe i nord! Hadde vore veldig kjekt!

Kame sa...

Det er bare å komme! Vi har både hjerterom og husrom i massevis.

På kortere, og mer realistisk, sikt, kommer vi til Oslo i juli, og da hadde det vært kjekt med en kaffikopp, hvis du er i byen da. Blir vel fra 15. juli og utover.

Jeg hopper kjempefint, men slett ikke så skummelt som Bjørn, det er det som er det fine. Veldig kjekt å hoppe etter meg. ;)

Mamma hilser, de skal spise middag her i dag!

Anonym sa...

Det var så kjekt, og eg var så stolt over finaste forfattardamene som las.

Aina Basso sa...

Kame:
Perfekt! Då må vi treffast! Så får du helse folka våre :)

Haustljos:
Ja, det var litt av ein kveld!