23. juni 2009

c, f, h-m, p, r, t, w, x

Og best som eg sutrar og syt litt, så skriv eg igjen.

I går fekk eg ein god skrivekveld. Eg har underskrive utviklingsavtale for neste bok med forlaget, og det gjorde tydelegvis susen, for plutseleg skreiv eg igjen. Kanskje trengte eg eit lite spark bak. Å skrive under på å levere noko til ein viss dato er jo nettopp det - eit spark.

Foreløpig (dette kan jo endre seg med tida, med åra) jobbar eg fragmentert og etter puslespelmetoden. Eg veit ikkje om denne metoden er foreinleg (for min del) med eit manus der eg ikkje veit noko om kva som skal hende. Eg trur det då kan bli for laust og uoversiktleg. At fragmenta blir berre fragment, og ikkje skisser eller punkt som skal utvikle seg til noko større, som ligg der, som eg berre treng tid til å skrive ut.

Metoden må altså vere slik.
Først må eg tenke ut ei handling, så skrive henne sånn høveleg ned, ein slags disposisjon.
Så kan eg skrive tekstbrokkar og fragment.

I dag har manuset tre delar (ei logisk og praktisk inndeling), og er delt i tre dokument, då det eine dokumentet byrja bli vanskeleg å manøvrere i. Delane har arbeidstitlar som seier noko om innhaldet. Handlinga er kronologisk.
Det vil seie, eg skriv fragment og plasserer dei der dei kan passe. Så skriv eg bitane saman til ein logisk, eller sannsynleg, heilskap.
I går flytta eg om på nokre tekstbrokkar eg ikkje visste kor eg ville plassere. Eg skriv altså ikkje først a, så b og vidare heilt til å. Eg er ikkje sikker på om eg veit kva som er a enno, eingong. Og å aner eg iallfall ingenting om. Men eg veit ein del om c, f, h-m, p, r, t, w, x.

Scenene byrjar gjerne med ei setning eller to, eller ei råskisse til kva som skal hende. Så skriv eg det ut. Det er gøy å sjå korleis karakterer og omgjevnadar får lys i seg etter kvart som teksten veks.

No har ei av bipersonane fått si eiga historie, sin bakgrunn, personlegdom, lagnad, kan hende. Eg liker henne betre no. Ho synast.

No ser eg at bokstavane eg har plukka ut for å illustrere puslespelteksten min berre er konsonantar. Det tyder nok at det finstemte i språket manglar. Det må kome etter kvart, og mot slutten.

8 kommentarer:

heklehatt leser sa...

Så heldig du er, Aina, som får slike utviklingssamtaler! Det er definitivt et spark bak. det høres ut som du er i en fin prosess, selv om du famler, selv om det kanskje går sakte. Jeg synes metoden din høres bra ut - innfallsmetode, fragmenter, omstrukturering. Etter hvert vokser helheten frem.

Jeg jobber også sånn, tror jeg. Eller kanskje jeg burde jobbe mer sånn. Har stagnert litt i et hjørne fordi jeg ikke kommer videre i den kronologiske handlingen. Kanskje jeg rett og slett skal hoppe over et par scener og satse på at de løser seg etter hvert?
lykke til, uansett!

Aina Basso sa...

Ja, no har eg fått både samtalar og avtalar. Fine forlaget :)

Eg vil definitivt råde deg til å hoppe eit stykke fram og fortsetje skrivinga ein heilt annan stad. Eg har null tru på å skrive kronologisk. Det kronologiske kan du ha i hovudet ditt medan du skriv, kanskje kjem det nokon overraskingar undervegs, kanskje tek handlinga ei vending du ikkje hadde tenkt på? Kanskje treng du ikkje eingong dei scenene du slit slik med?

Lykke til, iallfall, til deg, òg!

heklehatt leser sa...

Takk! Nei, kronologien kan gå og legge seg! Jeg har heller ikke tro på den, og dessuten har jeg verken kronologien eller handlingen klart for meg. det er definitivt en del scener som sikkert må lukes vekk etter hvert. Det virker som det er noen scener jeg har behov for å skrive ut - og så får jeg heller vrake dem senere.

Aina Basso sa...

Må du skrive det, så må du skrive det! Men det kan nok uansett vere fruktbart å veksle litt mellom ulike tekstbrokkar.

Marianne sa...

Fint innlegg! Gøy å se hvordan forfattere gjør dette! Skriver litt selv også, og roter mye rundt synes jeg.

Aina Basso sa...

Takk, Marianne!
Lykke til med skrivinga! Litt roting må nok til, trur eg. Så finn ein forma etter kvart.

Anonym sa...

Takk for at du delte - veldig spennende å lese om skriveprosesser. Gleder meg til fortsettelsen. Og til den nye boka når den tid kommer :-)

Aina Basso sa...

Berre hyggeleg, Jorid. Takk for at du les, kommenterer og kjem med fine tilbakemeldingar!