25. mai 2009

Vatnet som ber oss

Jon Ståle Ritland (f. 1968) er noko så uvanleg som Dr. Ph. i medisin og overlækjar ved augeavdelinga ved Ålesund sjukehus, og poet.

Eg har lese den andre, og hittil siste, diktsamlinga hans, Vannmerker. Samlinga er delt i tre delar, H, 2 og O. Dikta blandar det nære, menneskelege blikket med det klinisk observerande, og skaper slik interessante bilete av oss menneske, av liva våre, prosessane vi gjennomgår, frå fosterstadiet til vi hamnar som vevsprøve mellom glasplater. Men også av kjærleiken mellom menneska, opplevinga av eit anna menneske som eit heilt menneske, både som kvinne med varme, tanke, vilje, og organisme, med celler som deler seg.

Dikta fungerer best i samanstillinga og samanfallet av desse to ulike dimensjonane: det varme, nære, menneskelege blikket og blikket til medisinaren, som gjennomskodar kroppen som organisme, som til dømes her:

amnionvæsken bak det stramme mageskinnet
der fosteret drømmer sine ufremkalte bilder
omgitt av en veneblå himmel
en vordende mor leser Moby Dick
hver gang hun løfter blikket
kommer horisonten nærmere

Eller her:

ingen kan forstå
fasongen til tankene hennes
observerer bare at kraniets omriss
ligner et stort spørsmålstegn

Ei fin samling, som rommar mykje. Tilrådast.

2 kommentarer:

Avil sa...

Eg har høyrt nokre dikt av han på P2. Veldig fine.

Aina Basso sa...

Ja, det er mykje fint både i denne og den førre, Kroppsvisitasjoner.