25. mai 2009

Magisk animasjonsfilm

Når min venn animatøren blir imponert over ein animasjonsfilm, synest eg at eg kan tillate meg å vere ganske så imponert, eg òg. Ikkje slik å forstå at ikkje all animasjon imponerer meg, men når det endåtil imponerer fagfolk!

Førre veke var eg på kino og såg Coraline, som blei vist i 3D på Ringen Kino. Halve opplevinga var sjølvsagt dei überkule 3D-brillene vi fekk utdelt (men dessverre måtte levere inn igjen etter filmen), og som det verserer eit veldig heldig bilete av meg med ein stad på den store, vide veven. Men det er den andre halvparten eg skal skrive om her. Sjølve filmen.

Eg forstår godt at Coraline ikkje er tilrådd barn under 11 år, og kanskje ikkje barn over 11 år, heller, utan følgje av vaksne. For dette var ein skummel film! Det handlar om den vesle jenta Coraline, som flyttar saman med dei fråverande foreldra sine til eit gammalt, mystisk hus ute på landet. Her finn ho ei hemmeleg dør som leier inn i ei parallell verd, der alt synast mykje betre, endåtil foreldra. Den einaste forskjellen er at alle som lever der har knappar til auge, at den andre mora gjer som ho lystar med dei andre som bur der, og at alt rett og slett er altfor godt til å vere sant.

Filmen er basert på ei bok av Neil Gaiman, og regissert av Henry Selick, som også regisserte A Nightmare Before X-mas, ein annan av mine yndlingsfilmar.

Her er traileren til filmen. Sjå han i 3D! Det er verdt det!

7 kommentarer:

Silje sa...

Skal definitivt sees! Det triste er at jeg sannsynligvis ikke er i stand til å se noe i 3D,da jeg bare kan se med ett øye av gangen. Men jeg må jo prøve. Veldig fin/skummel bok også, forresten.

Lille søster sa...

Ja, flott bok. Gleder meg til å se filmen!

Aina Basso sa...

Silje:
Då vil eg heller droppe 3D, for det er veldig utydeleg å sjå film utan briller eller utan full effekt. Då trur eg det er betre å sjå han i vanleg format. Han er nok flott uansett!

Lille søster:
Det kan du trygt gle deg til. Veldig flott film.

Avil sa...

Eg har visstnok ikkje skikkelg samsyn, men det gjekk fint å sjå forrige 3D-film av Gaiman (Beowulf).

Eg gleder meg verkeleg til Coraline!

Aina Basso sa...

Å, ja. Dette var ein fin film, altså. Denne kjem eg til å kjøpe. Skulle gjerne teke med dei brillene heim og sett han i 3D. Men det er jo ikkje det same på ein liten skjerm som på eit stort lerret, sjølvsagt. 3D er for øvrig veldig kult!

*** sa...

skmlt når de sydde i øyer, og nåla kom i mot oss!

Aina Basso sa...

Ja! Og flott! Eg er herved 3D-fan.