27. april 2009

Lese eller brenne skiten

Eg har lese litt her og der i boka Flammegutane gav ut her på nyåret, Brenn ned skiten, som er ei samling essay, artiklar, o.l., dei sjølve, altså Bendik Wold og Nils-Øivind Haagensen, har gitt ut i løpet av 2000-talet i samband med sine verke (stort sett, iallfall) som kulturjournalistar i Klassekampen og Morgenbladet.

Og det er ei bok det passar fint å lese litt her og der og av og til i. Ikkje frå perm til perm, a til å, men hoppe litt fram og tilbake, lese litt av begge og hoppe over det ein ikkje bryr seg om eller orkar akkurat no, har lese før eller vil spare til seinare.

For meg, som har lånt boka på biblioteket og må levere henne tilbake i morgon, blei det iallfall veldig tydeleg at ho ikkje kan lesast frå perm til perm dei to siste dagane av lånetida. Men om du ikkje er som meg, men kjøper henne, kan du ha henne liggande på bordet, badet, soverommet, og så blar du litt, les du litt, og studerer teikningane på framsida og prøver å finne ut kva det er dei betyr.

Og liker du henne ikkje, kan du sjølvsagt brenne heile skiten.

5 kommentarer:

Elin sa...

Hvis man har kjøpt den og ikke liker den synes jeg man bør slippe den fri som ei bookcrossingbok. ;-)

*** sa...

apropos dette med bøker man har kjøpt og ikke liker...: hvilke bøker ville _dere_ satt i radioselskapets skammens bokhylle?

Aina Basso sa...

Hm...
Eg har faktisk ikkje kjøpt så veldig mange av dei bøkene eg ikkje liker sjølv, så eg kjenner dette er eit noko ømtåleg tema... Kan ikkje du byrje, då, Mette? :)

heklehatt leser sa...

konseptet med book-crossing er veldig bra, men jeg havner alltid i et dilemma:
1) hvis jeg har en skikkelig dårlig bok, synes jeg det er litt kjipt å pushe den på andre (selv om, ja, det kan jo hende at noen liker den... - men likevel!)
og 2) hvis boken er skikkelig bra og alle andre definitivt burde lese den - da vil jeg gjerne beholde den i hylla (evt. låne den til venner). De eneste bøkene jeg klarer å gi til book-crossing er derfor gode bøker jeg av en el annen grunn har fått to av...

Aina Basso sa...

Hehe. Sånn ville nok eg også hatt det, heklehatt. Det er ikkje lett, det der :)