24. mars 2009

Litt om lesing

Ragnhild Jølsen
Lesesirkelen vår har teke ein liten pause, men er no i gang med å diskutere kva som skal bli neste bok ut. Som nokre av dykk kanskje hugsar var den førre Illusjonenes bok av Paul Auster, som ikkje klarte å fange interessen min. Det var også ein annan som ikkje fekk lese boka, og diskusjonen blei aldri noko av.

Så langt står det mellom følgjande:

Ei bok av Ragnhild Jølsen
Kjære Voltaire av Margit Walsø
Amtmandens døtre av Camilla Collett
Steppeulven av Herman Hesse
Ei novellesamlinga av Alice Munro
Fuglane av Tarjei Vesaas
Noko av Thomas Mann

Fleire namn er også kasta fram, men eg trur dei som står sterkast per no er Ragnhild Jølsen og Alice Munro. Men her er det ope, så langt har ikkje alle uttalt seg.

Elles les eg Sveve over vatna av Ragnar Hovland og Ladies´ Bane av Patricia Wentworth - ein Miss Silver-kriminal frå 1952. Eg har også trappa opp lesinga av Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid. Og eg må seie at det er noko for seg sjølv, rett og slett fascinerande lesing. Her har han m.a. konstruert eit slags framtidsspråk og eit framtidssamfunn som han skriv fram gjennom eit langt, forteljande dikt, der språket er ei gjenkjenneleg blanding av norsk, norrønt og engelsk.

Her er eit utdrag som Hilde Myklebust i Botnfall tidlegare har trekt fram, som eg synest er så nydeleg.

KAN hugs:

AT nokon bar meg ovfr skuldr,
kan henda far
halft I svefn, halft vakn
bar meg gennom hoy, bolgjande grass
tidli morgning vid vitt ljus
og miner armr hengd ned,
merkat dei so tunge
som om grass trakk i dei,
electric greip
eftr meg, som om all grass vul ned
meg taka, hafa meg, stela meg
so tung, so tung aig var
og aig ku stola an grasset
so aig ku stola an skuldr
som aig ku stola an all af tyngd
og ein old, gul hus stod der fram
millom trer, ein hus

vid den varm melken i krus aig sku faa.

13 kommentarer:

Lille søster sa...

Å, Alice Munro! Har du lest noe av henne før? Fantastiske noveller.
Dere har mange gode alternativer her, synes jeg.

Aina Basso sa...

Nei, eg har ikkje det! Kanskje det blir henne denne gongen, då!

Anonym sa...

Eg las Jølsen på gymnaset, og ville syns det var veldig interessant å høyre kva du syns om henne.

Men litt tungt å lese, både tematikken og språket, sik eg husker det. Eg gjekk rundt i ei mørk, indre verd mens eg las henne, slik eg hugsar det.

Anonym sa...

Husker og hugsar. Eg blir heilt øydelagt av korrekturlesning. lesing. Fytti.

Aina Basso sa...

Eg skal nok lese Jølsen uansett, og innrømmer at eg håper det blir saman med lesesirkelen.

Thomas sa...

Jølsen er fantastisk. Helt fantastisk.

Aina Basso sa...

Vi har bestemt oss for Jølsen. Vi skal lese Rikka Gan.

I tillegg har eg føreslått å lese Drømmen og hjulet av Bjørneboe som neste bok, sidan den handlar om henne.

Lille søster sa...

Jølsen er bare et navn for meg. Vet ingenting om henne. Men du oppdaterer meg/oss kanskje når du har lest henne?

Anonym sa...

Åh, Rikka Gan er en av mine sterkeste leseopplevelser. Jeg er dypt fascinert av Ragnhild Jølsen.

Anonym sa...

EG las Drømmen og hjulet først. Så las eg den der første Jølsen-romanen. Eg kunne blitt emo, om det var oppfunne på åttitalet.

Aina Basso sa...

Lille søster:
Eg kjem definitivt tilbake med rapport!

Jorid:
Dette høyrest lovande ut!

Avil:
Haha. Åttitalsemo. Ser deg føre meg. Men det var jo veldig emo på åttitalet. Robert Smith til dømes?! Superemo!

Anonym sa...

Me dreiv ikkje med sjølvskading, då. Til og med anoreksi var litt eksotisk og noko me las om i "Drama med Hilde" av Vigdis Hjort.

Elles var eg då svartkeldd og feministisk og mørk til sinns, litt bygdeemo, vil eg seie.

Aina Basso sa...

Du var heilt sikkert ein skikkeleg flott bygdeemo med stor lugg.